Leik og moro i regnet
100 barnehagebarn trassa dårleg vêr, og deltok i Turbo tråkk på Dalen
I førre veke inviterte Tokke kulturskule, og DNT Telemark for tredje gong til Turbo tråkk på Dalen.
Om lag 100 barn i alderen tre til seks år frå barnehagane i Tokke, Høydalsmo, Åmdals Verk og Åmot møtte opp, sjølv om regnet auste ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
I skogen på Huvestad venta spanande overraskingar og moro langs ein to kilometer lang tursti.
– Barna fekk premie, gulrot, saft, og ein varm velkomst av Barnas Turlag sin eigen maskot, «Turbo», då dei kom i mål. Elevar frå Vest-Telemark vidaregåande skule gjorde ein glimrande innsats som medhjelparar, fortel kulturskulerektor Elin Austbø Simonsen.
Dagen blei avslutta med konsert, og allsong på kulturhuset i regi av lærarar og elevar i kulturskulen.
– Stemninga var upåklageleg, sjølv om både barn og vaksne var blaute til skinnet på slutten av dagen. No kan me telje ned til neste Turbo tråkk i 2018, seier Elin.