Leiteaksjon i Kviteseid: Jenta funne skadd, ukjent skadeomfang
Politiet meldte seint torsdag kveld at den sakna jenta var funne skadd og tatt hand om av helse. Skadeomfanget er ikkje kjent.
Jenta skal ha blitt funne like i nærleiken av Kvitsund gymnas. Skadeomfanget er ikkje kjent.
Politiet meldte like før klokka 20 at det var sett i gang leiteaksjon etter ei 18 år gamal jente i Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei sett inn både helikopter og båt i søket.
Røde Kors, brannvesenet, Norske redningshunder og andre frivillige var også med i leiteaksjonen.
Jenta var sist i kontakt med nokon i går ettermiddag, og det var bekjente som meldte ho sakna i kveld, opplyste operasjonsleiar Arild Alfheim til TA.