– Det er moro at heile 56,6 prosent av elevane i 1.–7. klasse i Tokkeskulane er med på leseprosjektet «Sommarles», seier Hilde Grandal, bibliotekar i kulturhuset på Dalen.
– Det er moro at heile 56,6 prosent av elevane i 1.–7. klasse i Tokkeskulane er med på leseprosjektet «Sommarles», seier Hilde Grandal, bibliotekar i kulturhuset på Dalen.

Lesehestar toppar statistikken

«Sommarles», eit prosjekt for skuleelevar frå 1.–7.klasse, viser seg å vere populært i Vest-Telemark generelt og i Tokke spesielt. Heile 56,6 prosent av elevane i Tokke-skulane er med.

– Snittet i Telemark ligg på 15,6 prosent, så Tokke-skulane stiller i ei særklasse, seier bibliotekar Hilde Grandal.

Ho seier at skulane i Tokke ligg om lag 20 prosent over dei nest beste skulane i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prosjektet har kome i stand for å få opp leselysta og interessa for bøker og bibliotek. I tillegg er det sjølvsagt svært lærerikt å lese. Den kunnskapen kjem godt med same kva ein gjer, smiler Grandal.

Digitalt

Elevar som er med i prosjektet registrerer seg på nettet, og dei som les flest bøker kan vente seg premiar. I tillegg samlar elevane fiktive trofé undervegs.

– Det er gjort for å vekke konkurranseinstinktet, og for elevane i Tokke har det tydelegvis slege positivt ut. Dei kan også fylgje med på kor mykje dei andre elevane les, forklarer Grandal.

Bøkene om Hardy-gutane der unggutane Frank og Joe Hardy er sentrale hobbydetektivar, er mellom bøkene elevane kan velje som lesestoff.

– Det er strålande at 99 av 166 elevar er med på prosjektet som starta i juni og varer ut august. Og framleis kan fleire melde seg på, seier bibliotekaren.

Det er tredje året prosjektet eksisterer, men det er fyrste gongen det er digitalisert.

– Det har heilt sikkert gjort at fleire elevar har blitt med, meiner Grandal.