9. klassingane Anne Gro Solli og Rolf Henning Espedal Øvrebø sette seg i lesekroken og byrja lese i ungdomsforteljinga «Triks». Biblioteka i Vest-Telemark er saman om boka, og målet er å auke leselysta hjå ungdomen.
9. klassingane Anne Gro Solli og Rolf Henning Espedal Øvrebø sette seg i lesekroken og byrja lese i ungdomsforteljinga «Triks». Biblioteka i Vest-Telemark er saman om boka, og målet er å auke leselysta hjå ungdomen.

Lettlesen ungdomsbok skal vekkje leselysta

Dei sette seg i lesekroken, 9. klassingane Anne Gro Solli og Rolf Henning Espedal Øvrebø, med ungdomsforteljinga «Triks» som Vest-Telemarkbiblioteka lanserte i Seljord torsdag. Biblioteka står bak utgjevinga av den lettlesne boka. Målet er å vekkje leselysta hjå dei unge, og særleg blant gutane. – Eg prøvar å lese litt, men det vert ikkje så mykje skjønnlitteratur. Lesinga er for det meste om motoriserte ting, vedgår Rolf Henning. Han seier at han kjem til å lese «Triks». Det same seier Anne Gro, men ho er alt ein ivrig lesar.

Biblioteksjefane var veldig stolte under boklanseringa for at dei har makta å få laga ei lettlesen, og spennande bok for ungdomsskuletrinnet. Dei har særleg hatt gutane i tankane under arbeidet. Det syner seg nemleg at samanlikna med jentene er ikkje gutar spesielt opptekne av å lese skjønnlitteratur.

«Nynorsk, ung og leseproff» var tema for eit prosjekt biblioteka arbeidde med i fjor. Då såg ein trongen for ei lettlesen bok, som ikkje var altfor tjukk, for å vekkje leselysta hjå dei unge. Det har nemleg vore ein tendens at bøkene vert stadig tjukkare. Mange ungdomar mister lysta til å byrje lesinga når dei sit med ein «murstein» i fanget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bobla fram mange idear til korleis me skulle kalle fram leselysta. Men snart oppdaga me at mangel på pengar stoppa mange av ideane våre. Difor har ikkje opplegget vorte så stort som me bibliotekarar opphavleg tenkte oss, fortel biblioteksjef Anne Brit Borgen i Kviteseid.

Tanken om ei eiga bokutjeving kom på banen tidleg i diskusjonen. Og ein tenkte seg manus frå ein lokal forfattar etter at Fylkesmannen si utdanningsavdeling løyvde pengar, og ein fekk kontakt med Lettlest Forlag i Skien.

Klassesett på alle bibliotek

– Forlaget skaffa forfattar Bjørn Sortland. Han sette seg ned og skreiv det som har vorte ungdomsforteljinga «Triks». I tillegg har forlaget teke på seg det økonomiske ansvaret for boka. Ho er trykt i 2.000 eksemplar. Dei sju kommunane som utgjer Vest-Telemarksbiblioteka har plikta seg til å kjøpe 295 eksemplar. Alle bibliotek vil ha klassesett av «Triks» til utlån, seier biblioteksjef Tone Reinholt i Nissedal.

«Triks» er forteljinga om ein 16-årig gut sin taktikk for å få seg dame. Han får god hjelp av klassevenninna Ruth til å kapre den vakre utvekslingsstudenten Janice. Men gode råd i kjærleik kan føre til dei mest uventa ting.

Gler seg til lesinga

– No gler me oss til å lese boka. Ho høyrast veldig spennande ut, seier 9. klassingane Anne Gro Solli og Rolf Henning Espedal Øvrebø frå Sauland ungdomsskule. Dei to var plukka ut til å ta i mot boka på vegne av målgruppa.

Biblioteksjefane hadde sytt for ein eigen lesekrok. Etter at boka var presentert sette dei to elevane seg godt til rette i lesekroken og gav seg i kast med boka.

Anne Gro fortel at ho likar å lese, og at ho er gjennom ein god del bøker i løpet av eit år. Rolf Henning seier at han prøvar å lese litt skjønnlitteratur, men at det ikkje blir så mykje av denne type litteratur. Lesinga dreier seg helst om motoriserte ting. Han er difor midt i målgruppa biblioteka vender seg til med dette bokprosjektet.

Biblioteksjef Anne Brit Borgen seier det var ein føresetnad at boka skulle vere på nynorsk. Ho viser til undersøkingar som syner at bokmålselevar les noko betre enn nynorskelevar. Og at norske born les dårlegare enn born frå land det er naturleg å samanlikna seg med. Dessutan les jenter betre enn gutar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me arbeidde med finansieringa søkte med mellom anna om økonomisk støtte frå dei lokale mållaga. Eg må seie det er skuffande at dei ikkje ein gong har svara på breva, seier Borgen.

Eineståande bokutjeving

Boka er på 78 sider og i lommeformat med solid innbinding. Omslaget er illustrert av Liv Andrea Mosdøl, opphavleg frå Kviteseid, men no busett i Gvarv.

Forleggjar Bjørn Rudborg i Lettlest Forlag seier at bokprosjektet er eineståande i landssamanheng. Han kjenner ikkje til at biblioteka nokon annan stad har gått saman om å gje ut ei bok for å auke leselysta hjå dei unge.

– At me fekk Bjørn Sortland til å skrive «Triks» vil eg kalle eit scoop. Han er i det internasjonale toppskiktet som ungdomsbokforfattar. Boka er lagt til rette for dei som har leseproblem. Det er stor etterspurnad etter lettlesne bøker på nynorsk for ungdom, seier forleggjaren og roser innsatsen til dei sju biblioteksjefane under paraplyen Vest-Telemarkbiblioteka.