Lite jakt på Hardangervidda
Det er svært stille på vidda i haust, opplyser Dorte Huitfeldt, leiar i Rauland fjellstyre. Ho er fornøgd med at dei fleste fylgjer oppmodinga om å boikotte årets villreinjakt. Verken ho eller Johan Vaa, leiar i Hardangervidda grunneigarsamskipnad, deltek i jakta i år, men ein del grunneigarar i Tinn og Vinje vel likevel å jakte.
Sekretær i Hardangervidda villreinutval, Svein Erik Lund, opplyser at valda i Vinje har 167 jaktkort. Av desse ligg 45 på villreinnemnda sitt kontor fordi valda ikkje ville ha korta. I tillegg har enkelte eigarar eller rettshavarar freda sine terreng sjølv om dei har tatt ut korta. Det utgjer minst 20 kort.
Jakta i Vinje føregår derfor på maksimalt 102 av dei 167 jaktkorta. Det betyr at minst 40 prosent av villreinområdet ikkje blir jakta på.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Tinn er det utdelt 140 jaktkort, men sidan valdet fordelar korta internt er det ikkje oversikt over kor stor del av korta som blir nytta, opplyser Lund.
Jaktar ikkje
Sentrale aktørar i villreinforvaltinga, Johan Vaa, leiar i Hardangervidda grunneigarsamskipnad, og Dorthe Huitfeldt, leiar for Rauland fjellstyre og leiar for Samarbeidsutvalet for fjellstyra på Hardangervidda, boikottar båe jakta.
Eg jaktar ikkje på rein i år, seier Vaa.
Eg har ikkje eingong vore på fjellet i haust, og kjem ikkje til å jakte, seier Huitfeldt.
Dorte Huitfeldt opplyser at det har vore merkbart færre som søkte om jaktkort for statsallmenningen i år. Bare 20 søkarar mot 130-140 før om åra. Tidsrommet for jakta er også redusert til 14 dagar, mellom 26. august og 8. september.
Etter meldingar eg har fått er det svært stille på Hardangervidda i haust, seier ho og er fornøgd med at dei fleste fylgjer oppmodinga om å ikkje jakte.
Framtidig samarbeid
Huitfeldt ser seg ferdig med årets turbulente sesong og ser framover mot neste jakt.
Utover hausten må me arbeide for å få forvaltinga på skinner att. Det blir eit spenstig arbeid, men me er nøydd til å få dette til å fungere, avsluttar ho og trur ikkje dei til dels kraftige meiningsutvekslingane med direktoratet vil hindre framtidig samarbeid.