«Litt skuffa, men ikkje vonbroten»

832 av dei 1068 som røysta vil at Seljord held fram som eigen kommune.

78 % sa nei i Seljord:

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) var overraska over at innbyggjarane var så klare i folkeavrøystinga måndag. Heile 77,9 prosent sa nei til samanslåing. Han innser at Seljord+Kviteseid ikkje er lik sant:

– Signalet frå innbyggjarane er eit klart nei til samanslåing. Eg forventar sjølvsagt at politikarane på kommunestyremøtet 22. juni fylgjer dette signalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er dette eit nederlag for kommunen som tidleg i prosessen signaliserte at Seljord burde bli ein del av ein større kommune?

– Nei, det er ikkje noko nederlag, men eg er litt skuffa over at me ikkje får byggje ein ny kommune, svarar Haugan.

– Men eg er ikkje vonbroten! Eg aksepterer sjølvsagt resultatet og er ingen slagen ordførar, legg han til.

Haugan er usikker på framtida for kommunane og synest det er vanskeleg å sjå inn i glaskula og spå dei neste ti åra. Han veit at den økonomiske kvardagen ikkje blir lettare, og at det kjem fleire oppgåver til kommunane.

Mykje godt arbeid

– Sjølv om prosessen har vore litt haltande sentralt har me gjort eit iherdig forsøk lokalt. Om det kjem ein ny kommunereform må bodskapen vera klarare frå sentralt hald, seier han.

Han avviser at prosessen har vore bortkasta.

– Det er lagt ned mykje godt arbeid, understrekar han.

Trur ikkje på sentralisering

Sp-politikarane Henry Mæland og Beate Marie Dahl Eide var strålande fornøgde med at innbyggjarane sa nei til å slå seg saman med Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Innbyggjarane har tru på Seljord som eigen kommune, og har ikkje tru på sentraliseringsmodellen. Men det ligg i lufta at me må utvikle samarbeidet i Vest-Telemark, seier Mæland.

– Dette er ein reform som er trykt ovanfrå og ned. Resultata frå Telemark og resten av landet må få konsekvensar ved neste val, meiner Eide.