Elleve personar frå Seljord oppsøkte Senteret mot seksuelle overgrep i Telemark i fjor. Ingen frå dei andre kommunane i Vest-Telemark bruka senteret, men leiaren for senteret trur mange av dei anonyme telefonane kjem  frå dei små kommunane.
Elleve personar frå Seljord oppsøkte Senteret mot seksuelle overgrep i Telemark i fjor. Ingen frå dei andre kommunane i Vest-Telemark bruka senteret, men leiaren for senteret trur mange av dei anonyme telefonane kjem frå dei små kommunane.

Litt støtte til senter mot seksuelle overgrep

Formannskapet i Seljord løyvde i sist møte 3.000 kroner til Senteret mot seksuelle overgrep i Telemark. I fjor var det bare Tokke og Nissedal av Vest-Telemark-kommunane som støtta senteret.

I alt 628 personar, både valdtekts- og incestutsette, tok i fjor kontakt med Senter mot seksuelle overgrep i Telemark. Senteret ligg i Skien, og har som målsetjing å vera til støtte for seksuelt misbruka kvinner og menn, og deira pårørande.

– Senteret er til støtte for menneske som treng å ha nokon å snakke med, som treng hjelp til å klare kvardagen og til å koma seg vidare. Me driv behandling i form av sjølvhjelpsmetoden. Det skjer fyrst og fremst ved einesamtalar og ved krisetelefonar. I tillegg til dei 628 besøkande hadde senteret også 615 telefonar frå valdtekne og incestutsette, mange av dei anonyme, fortel Anne Kristin Baann, dagleg leiar for senteret i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå ingen til elleve

Senteret tok i fjor i mot elleve personar frå Seljord. I tillegg var det fem seljordingar som vende seg til senteret pr. telefon. Året før hadde institusjonen ingen frå Seljord på besøk. Det går fram av saksutgreiinga der senteret søkte om 6.000 kroner i støtte til drifta for neste år.

Rådmannen skulda på dårleg økonomi, og ville ikkje imøtekoma søknaden. Slik var også innstillinga då saka om valdtektsmottaket var til handsaming i fjor. Då forklarte rådmann Kristian Torp-Hansen at det kjem mange ulike søknadar.

– Kommunen får ørten søknadar til gode føremål. I og med at denne søkjaren bed om å få saka politisk behandla, må me gjera det, sa rådmannen.

Den gongen var det ingen av politikarane som tok ordet til saka, og formannskapet vedtok samrøystes å avslå søknaden.

Men i år ville formannskapet det annleis. Solveig Abrahamsen (H) var den fyrste som tok til orde for å skaffe til vege beløpet. Ragnar Solheim (KrF) gjorde framlegg om å halvere beløpet og gje 3.000 til senteret. Det fekk han full støtte for blant alle i formannskapet.

Departementet løyver meir

Senteret mot seksuelle overgrep i Telemark er ei trusmessig og politisk nøytral stifting. Tiltaket blir finansiert ved tilskot frå kommunane og frå Barne- og familiedepartementet. Same beløp som kommunane yter, løyver departementet. Frå neste år vil departementet bidra meir. Då vil kvar krone kommunane løyver utløyse fire kroner frå statleg hald.

Bare seks av kommunane i fylket støtta senteret i fjor. Det var Skien, Porsgrunn, Bamble, Siljan, Tokke og Nissedal. Med unntak av dei frå Seljord var det ingen frå vestfylket som kontakta senteret i fjor.

– Det er ikkje dermed sagt at det ikkje blir gjort overgrep i desse kommunane. Mindre kommunar er meir gjennomsiktlege, og mange valdtekne og incestutsette vil helst ikkje røpe identiteten sin. Me har mange anonyme telefonar hit, og reknar med at mange av desse kjem frå dei små kommunane, seier Anne Kristine Baann.