Lokalbutikken strevar
Åmdals Verk daglegvare hadde ein omsetning på 3,6 millionar kroner i 2008. No må omsetninga aukast om det framleis skal vere liv laga for den folkeeigde butikken.
For nokre år sidan mobiliserte bygdefolket på Åmdals Verk seg og teikna aksjar for vel 300.000 kroner i Åmdals Verk daglegvare. Den førre eigaren ynskte å gje seg med butikkdrifta og dermed tok innbyggjarane ansvaret.
Me er nok ei gong i ein kritisk fase. Målet vårt har heile tida vore at butikken skal drive i balanse. No ventar me spent på rekneskapen for 2009, fortel styreleiar Olav Urbø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er fleire årsaker til at butikken slit med å drive i balanse. Urbø meiner einaste løysinga er å auke omsetninga.
Sjølv om omsetninga har auka år for år, har utgiftene auka meir. Me har sett på ymse tiltak for innsparingar, og har no kome til eit punkt der me ikkje har meir å gå på, seier Urbø.
Åmdals Verk daglegvare er einaste butikken mellom Dalen og Hauggrend, og det skulle derfor vere mogleg å knytte til seg fleire kundar.
Det er eit potensiale i kundar frå omkringliggande bygder, men det er vel så viktig at kundane på staden blir endå flinkare til å nytte oss, slår Urbø fast.
Kva trur du 2009-resultatet viser?
Eg er redd det vil vise eit underskot. Klarer me ikkje å snu det, kan 2010 vere siste året me greier å halde liv i lokalbutikken på Åmdals Verk. Klarer me å auke den månadlege omsetninga med 20.000 kroner kan me klare oss, meiner styreleiar Urbø.
Han ynskjer å rette ei oppmoding til bygdefolket om å bruke lokalbutikken mest mogleg.
Me veit at mange er veldig flinke, men me veit også at fleire kan bli flinkare. Butikken er der for bygdefolket, avsluttar Urbø.