«Gamalt frå Kviteseid» toppa salsstatistikken hjå Kviteseid bok og papir, slik heftet alltid gjer.
«Gamalt frå Kviteseid» toppa salsstatistikken hjå Kviteseid bok og papir, slik heftet alltid gjer.

Lokale bøker under flest joletre

Når folk i Vest-Telemark kjøper bøker som jolegåver, går det mest i lokallitteratur. Slik også i år, med eitt unntak – årets roman frå Helga Flatland.

Årboka «Gamalt frå Kviteseid», som Kviteseid historielag gjev ut, er den som toppar salsstatistikken hjå den eine av dei to bokhandlarane som er att i Vest-Telemark, Kviteseid bok og papir. Dagleg leiar og innehavar Sveinung Råmunddal fortel at det alltid er lokal litteratur som sel mest til jol. Årsskriftet har vore gjeve ut sidan 1986, og har jamt vore ein bestseljar.

I Seljord er det Helga Flatlands «En moderne familie», utgjeven på Aschehoug forlag, som toppar salsstatistikken, fortel Hilde Hagen-Nielsen, innehavar og dagleg leiar av Vest-Telemark Libris. I fjor hadde ikkje det lokale sogelaget noko utgjeving. Dette lokalhistoriske heftet blir berre utgjeve annankvart år. Men dei åra det kjem ut, er det den publikasjonen som sel mest hjå bokhandlaren i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jolehefte

Av lesestoff elles kom joleheftet «Jol i Telemark» på andreplass på salsstatistikken i Kviteseid, medan det kaprar tredjeplassen blant kjøparar i Seljord. Det gamle og ærverdige heftet frå Telemark mållag kom ut fyrste gong i 1928.

Mange kjøpte også boka «E134 Haukelivegen» som er skriven av Geir K. Hus og utgjeven på eige forlag. Boka, som skildrar vegen, livet, maten og naturen langs denne vegstrekninga som bitt Aust- og Vestlandet saman, kom på tredjeplass hjå Kviteseid-bokhandlaren, men klatra til annanplass i Seljord.

På fjerdeplassen hjå Kviteseid bok og papir var også ei lokal bok; «Nisser», ført i pennen av Olav Jakob Tveit og utgjeven på Bokbyen forlag. Boka handlar om bygdene kring innsjøen Nisser; Vrådal, Nissedal og Treungen.

– At Helga Flatland (biletet) fekk bokhandlarprisen, i tillegg til at forfattaren er lokal, har nok mykje å seie for dei gode salstala, seier dagleg leiar i Vest-Telemark libris i Seljord, Hilde Hagen-Nielsen.
– At Helga Flatland (biletet) fekk bokhandlarprisen, i tillegg til at forfattaren er lokal, har nok mykje å seie for dei gode salstala, seier dagleg leiar i Vest-Telemark libris i Seljord, Hilde Hagen-Nielsen.

Telemark historielag sitt årsskrift, som i fjor hadde tittelen «NS i Telemark» kapra femteplassen.

Nasjonallitteratur

I Seljord var det også mange som kjøpte romanen av Edvard Hoem, familiekrøniken «Liv andre har levd» (Oktober forlag). Hoem slo Leif Einar Lothe sin sjølvbiografi «Lothepus» (Samlaget), ført i pennen av Finn Tokvam, som enda på femteplass på salsstatistikken hjå Vest-Telemark Libris.

Ikkje før sjetteplassen kom nasjonallitteraturen inn blant kviteseidkjøparane, men då med ein forfattar som er fødd og oppvaksen i Flatdal. Helga Flatland med romanen «En moderne familie» danka ut alle dei andre store forfattarane då skjønnlitteraturen skulle kjøpast inn som jolegåve hjå bokhandelen i Kviteseid, og toppa altså salsstatistikken i heimkommunen Seljord.