Helene Gaastjønn Tveit imponerte juryen med framføringa av «Hello», og blei lønt med plass i fylkesfinalen i Bø.
Helene Gaastjønn Tveit imponerte juryen med framføringa av «Hello», og blei lønt med plass i fylkesfinalen i Bø.

Lokale gullstrupar til fylkesfinale

Det var hard konkurranse om å kvalifisere seg frå lokalmønstringa i Nissedal til fylkesfinalen i Ungdomens kulturmønstring. Medan det i fjor berre var to deltakarar i lokalmønstringa, var det i år heile 14 innslag på scena på Tveit skule laurdag. Helene Gaastjønn Tveit (15) var ein av dei fire som gjekk til finalen i Bø, etter å ha framført låta «Hello» av Lionel Ritchie. Også songaren Synne Øye Sanden, trombonespelaren Lars-Ove Borstad og teiknaren Egil Ø. Tveit gjekk vidare til fylkesfinalen som blir arrangert 1. april.

– Eg rekna ikkje med å kome vidare. Det var utruleg mange gode og dyktige deltakarar, seier Synne Øye Sanden etter å ha bli lest opp som den fjerde kandidaten Nissedal sender til fylkesfinalen i Bø i april.

Frå før på scena var alt Egil Ø. Tveit finaleklar for dei flotte teikningane sine. Det same var Lars-Ove Borstad på trombone, og Helene Gaastjønn Tveit for si framføring av Lionel Ritchies «Hello».

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelar i band

Synne og Helene er to musikkinteresserte 15-åringar som til dagleg spelar i bandet Godt og blandet, saman med Øystein Fossli, Tov Reime og Tone Svalastog. Båe syng mykje, og medan Synne gjekk vidare også i fjor, var Helene debutant i år.

– Når eg visste at det totalt berre skulle sendast vidare musikkinnslag på til saman ti minutt hadde eg ikkje venta å gå vidare, seier Helene.

Synne song Japanese Blue av Silje Nergaard, men ho skriv også låtar sjølv. Ho medgjev at ho har lyst til å halde på med musikk i framtida.

– Det er den store draumen, smiler ho.

Men verken Synne eller Helene har planar om å melde seg på Idol.

– Det er ikkje slik me vil bli kjente, seier dei to.

Må til eit under

Lars-Ove Borstad (12) har spelt trombone i tri og eitt halvt år. Han var debutant i UKM, og var glad for å gå vidare. Men noko tur til landsfinalen i Trondheim hadde han ikkje tru på.

– Då må det nok til eit under, gliste han etter premieutdelinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Egil Ø. Tveit fekk finaleplass for teikningar. Han fekk også premie, saman med Tore Tveit, for ein animasjonsfilm. Egil går på teiknekurs og var strålande fornøgd med å kome til fylkesfinalen.

– Eg håpar på det beste, seier Egil om neste UKM-framvisning.

Årets UKM i Nissedal blei ein kjempeopptur. I fjor var det berre to deltakarar. Årets arrangement samla totalt 14 innslag. Fire blei sendt vidare til Bø. Auka marknadsføring og kulturskulen blir trekt fram som årsak til den store auken i innslag.