Tunellarbeidarane tok seg tid til ein liten pause og ein prat då formannskapet i Seljord kom på besøk.
Tunellarbeidarane tok seg tid til ein liten pause og ein prat då formannskapet i Seljord kom på besøk.

Lovar vasstett tunell gjennom Mælefjell

Vatn har gjort arbeidet med Mælefjelltunellen meir tidkrevjande. Når tunellen opnar sommaren 2019, lovar Statens vegvesen eit vasstett 9,4 kilometer langt strekke frå Århus til Gvammen.

Etter ynske frå dei folkevalte, fekk formannskapet og interesserte frå kommuneadministrasjonen i Seljord bli med på ei synfaring i Mælefjelltunellen for ei tid tilbake. Arbeidet med tunellen som til slutt skal bli 9,4 kilometer lang er godt i gang. Det same gjeld det nye vegstrekket som skal knyte eksisterande trase inn og ut av den nye tunellen. Dette vegstrekket blir på 1,1 kilometer.

– Nå er me i gang med å flytte ein million kubikk fjell, difor lyser me etter stadar me kan plassere steinmassane, fortel prosjektleiar ved Statens Vegvesen, Trude Holter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare melde Statens Vegvesen at dei gjev bort tunellstein gratis. Det einaste som kostar er transport av steinen frå Vegvesenets entreprenør, og det er bare større mottaksstadar som blir vurdert.

– På Seljord-sida vil det bli meir steinmasser enn det Vegvesenet har plass til i deponiet på Flatin. Difor søkjer me etter alternative mottaksstadar i nærleiken av Århus, seier Holter.

Stoppar vatnet

Før tunellarbeidet tok til blei området kartlagt og entreprenøren blei kjent med at det kunne bli ekstra utfordringar knytt til vatn i fjellet på Seljord-sida. Når det er meir enn 700 meter med fjell over tunellen, kan det vere plass til enorme mengder vatn i fjellet.

Trond Øygarden frå Statens vegvesen og ordførar Halfdan Haugan på veg inn i Mælefjelltunellen.
Trond Øygarden frå Statens vegvesen og ordførar Halfdan Haugan på veg inn i Mælefjelltunellen.

– Ei tid i historia utløyste brutale krefter rørsler i fjellet, noko ein kallar forkastingar, og dette førde til at fjellet sprakk. Til nå har me møtt på tre forkastingar, og ved stuff, der arbeidarane jobbar nå, har me 730 meter fjell over oss, seier Holter.

På grunn av vatnet som står i tynne holrom i fjellet, har framgangen til tunellarbeidarane gått seinare enn dei hadde håpa på sidan dei stadig har møtt vatn under sterkt trykk. Tunellarbeidarane har måtte handtere dette før dei har halde fram med tunelldrifta.

Ikkje forseinka

Hovudbyggeleiar for Mælefjelltunellen hjå Statens Vegvesen, Trond Øygarden, fortel at prosjektet ikkje blir forseinka i høve til opninga i 2019, men at vatnet har ført til meirarbeid dei siste vekene, og gjennomslaget kan bli skuva fram frå hausten og til tettare opp mot årsskiftet 2016/2017.

– Me ser framleis føre oss at me skal ha gjennomslag i løpet av dette året, slik planen har vore heile tida, seier Øygarden.

Men vatnet har skapt meirarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar me skal vere forbi dei verste områda i fjellet med mykje vatn i løpet av 50 til 100 meter. Me er midt inne i området nå, men det er umogleg å seie sikkert korleis fjellet er framover, seier Øygarden.

– Kor lang tid vil de bruke på dette?

– Ein reknar om lag seks meter per salve, og målet til entreprenøren er 50 meter i veka. Den siste tida har det vore 20–30 meter i veka, så det kan gå nokre månadar før me er forbi området med mykje vatn, trur Øygarden.

Tryggleik

Når tunellen står klar vil det vere høg fokus på tryggleik.

– Mælefjelltunellen vil mellom anna få 33 naudkioskar der ein bare kan løfte av telefonrøret og få direkte kontakt med vegtrafikksentralen. Om det skulle skje eit uhell eller om ein køyrer tom for drivstoff vil dei som sit på sentralen sjå kvar du er, og via kamera kan dei vurdere om bilen din står i vegen for annan trafikk eller ikkje, seier Holter.

– Blir tunellen stengt om det skjer ei ulykke?

– Ja, då går bommane ned, og det vil vere ei lomme om lag 400 meter inn i tunellen der det er høve til å snu. Det blir laga nisjer med tilgang på brannhydrantar for kvar 375 meter, slik at brannmannskap kan kople seg direkte på hydranten. Det blir også ein stor hall midt inne i tunellen slik at tunge køyretøy får høve til å snu. Dette er naudsynt sidan tunellen bare har eitt løp, men tovegstrafikk, seier Holter.

Ingen alvorlege uhell

Så langt i tunelldrifta har det ikkje skjedd alvorlege hendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt to personskadar, ein fall på isen og ein annan som fall frå ei maskin. Me har heller ikkje vore plaga med mykje herverk og tjuveri, seier Holter.

Den største uføresette hendinga på anleggsområdet til nå var då flaumen i fjor haust reiste med delar av ei ny bru.

Nå har det blitt gjort ytterlegare flaumsikring i området som skal tole liknande vassmengder i framtida.

Mange i arbeid

Holter fortel at det er om lag 115 arbeidarar i jobb med tunellen, både inne i fjellet og ute.

Det er 12 personar frå Statens vegvesen, om lag 75 tilsette frå NCC og 30 frå Hovden hytteservice som syter for at arbeidet blir gjort.

– Til hausten lyser me ut ei ny stor kontrakt for å ta hand om elektro-arbeidet. Dette arbeidet startar truleg ikkje før i 2018/2019, og når dei har gjort jobben sin kjem NCC tilbake for å fullføre prosjektet. Dei gjer alt fram til vegen er merka og tunellen kan opne, seier Holter.

– Tunellen er utruleg viktig for oss, den vil korte ned vegen til både Notodden og Oslo. Men sjå til at de opnar tunellen før seinhausten 2019, då, smilte ordførar Halfdan Haugan, då han fekk kome inn i Mælefjell på synfaring.

Inn i mørkret

Ein liten kollonne av vegvesenets bilar tok gjestene med inn i fjellet ved Århus. Etter å ha humpa litt over to tusen meter inn langs den mørke gangen kjem me til stuff. Det dryp av taket, lufta er grå og boreriggen lagar mykje lyd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den store maskina tar ei pause nokre minutt slik at nyfikne gjester får kome og sjå korleis tunelldrifta går føre seg. Sjåføren vinkar seljordingane velkomne opp i styrhuset, medan andre får informasjon av Holter og geolog Valeria Lindvåg som har ansvar for prosjektet.

Vass-stråla står ut av fjellveggen, og arbeidsfolket må gjere klar for å bore, plugge og sprøyte betong i fjellet slik at ein stoppar vatnet på ny.

– Det har blitt ein del slikt arbeid. Men me har fått sprengt to salver nyleg, ei i natt og ei i dag tidleg. Det er bra, seier ein av arbeidarane nøgd, stadig eit steg tettare arbeidsfolket som jobbar med tunellen frå Hjartdal-sida.

 

Status Mælefjelltunellen

Tunellen skal bli 9,4 kilometer lang. Han får mellom anna 33 naudkioskar og om lag tolv tekniske bygg.

Til nå: 3 760 meter inn frå Gvammen, 2 075 meter inn frå Århus

Dette er til saman 5835 meter og om lag 60 prosent av tunellens totale lengde.

Så langt er det sett inn over 29 000 boltar, 20 000 kubikk sprøytebetong og 7 sikringsbogar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarane har møtt på noko sprakefjell, og av bergkvaliteten er det ei svak sone på Århus, elles jamnt over bra. Fjellet er sett saman av kvartsitt, amfibolitt og gabbro.

Det er større injeksjon enn venta i fjellet. I nokre borehol kjem det ut 2000 liter vatn i minuttet, og det er målt vasstrykk opp til 52 bar.

Framdrift E134 Gvammen – Århus

2016

– Tunneldriving, gjennomslag innan 2016

– Hovudgrøft inkludert kummar og drensgrøfter

– Sålerens

2017/2018

– Kummar og trekkerøyr for elektro

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vegoverbygning inkludert asfaltbindlag

– Bankettar og føringskant

– Vatn og frostsikring

– Teknisk bygg

– Tunellportalar

2018/2019

– Elektrokontakt inkludert styring, regulering og overvaking

– Asfaltslitelag og vegmerking

Kjelde: Statens Vegvesen