Rikke og Frank Møren har flytta frå Danmark for å drive nyetableringa Elgen pub og restaurant på Nissedal-sida av Gautefallheia.
Rikke og Frank Møren har flytta frå Danmark for å drive nyetableringa Elgen pub og restaurant på Nissedal-sida av Gautefallheia.

Luksus i fjellheimen

I dag opnar Elgen pub og restaurant på Nissedal-sida av Gautefallheia. Vakker natur har fått ein konkurrent innandørs.

– Me har ikkje spart på noko, kjem det frå Marion Pettersen, medan ho viser bladfyken rundt i nysatsinga til millionar av kroner på Gautefall feriesenter.

Marion og ektemannen Jan er i full fart med siste finpussen før Elgen pub og restaurant opnar dørene i dag. Som eigarar av nyetableringa har Nissedal-paret satsa på kvalitet så det verkeleg synest. Bardisken er full av måleri av ulike dyr, men også skåpa i lokalet har enda opp med naturmotiv. Sjølvsagt er eit utstoppa elghovud med 12 takkar på plass, og peisestoga er full av skinnmøblar. Lokalet har fin lyseffekt, medan både ventilasjonsanlegget og kjøkkenet er topp moderne. Restauranten har både karaoke- og stereoanlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal av og til ha levande musikk også, men her blir det ikkje noko bråkemusikk, seier Jan skråsikker.

Hyttefolk gjev marknad

Med nybygget på rundt 300 rutemeter ynskjer Nissedal-ekteparet å få til noko nytt på Gautefallheia. Elgen har plass til 100 matgjester og 150 gjester totalt.

– Hotellet på Gautefall ligg i Drangedal kommune, medan Elgen ligg i Nissedal kommune, og det synest eg er litt vesentleg. Elgen ligg veldig lagleg til. Det er gangavstand til fleire hundre hytter og derfor trur eg det er ein marknad i området. Me har lagt ned mykje tid og pengar i lokalet for at det skal vere ein plass for vaksne. Det er bevisst at me har satsa på luksus i bygget. Me vil ha ein stad der folk trivast. Eg vil ikkje seie kostnaden på investeringa, men det er mykje, vedkjenner Jan.

Han hevdar namnet på puben og restauranten blei tatt ut av lause lufta.

– Eg syntest det sprang så mange elgar rundt i området. Namnet Elgen kom av seg sjølv, seier Jan.

– Ingen i bygda skjønar at me tør å gjere denne nyetableringa. Men det er rett å satse for å få resultat. Me har god tru på dette, seier Marion, medan bestillingane aukar på mellom anna med konfirmasjonsselskap til våren.

Dansk- og franskinspirert mat

Ekteparet Pettersen lyste etter drivarar av Elgen i ei dansk avis. Det danske ekteparet Rikke og Frank Møren slo til. Dei skal ta seg av både matlaging og servering. Frank var kjøkkensjef på eit hotell i heimlandet, medan Rikke hadde jobben som restaurantsjef på same staden.

– Me kom til Treungen for å finne på noko nytt. Me hadde lyst til å drive ein plass aleine. Elgen har flotte lokale, og det er noko heilt anna enn me er vane med. Me gler oss til oppstarten, seier Rikke og Frank.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå skal dei snart invitere til dansk jolebord på Elgen. Møren skal ha allsidig mat på menyen. Somme av rettane blir dansk- og franskinspirerte. Gjestene kan ete middag på staden eller ta med seg maten. Elgen skal ha ope kvar dag og utover kveldane. Formannskapet i Nissedal sa onsdag ja til øl-, vin- og brennevinsløyve.

Fleire byggjeprosjekt

Til våren får Elgen uterestaurant og det blir bygd symjebasseng like ved.

– Me satsar for fullt, seier Marion.

Ekteparet Pettersen startar til våren også bygginga av ni leilegheiter og fem overnattingsrom i eit nybygg i forlenginga av Elgen. Dessutan skal dei prøve å selje 35 hyttetomter. Pettersen har åtte hytter på feriesenteret, som dei er godt i gang med å selje. Fem av hyttene har fått nye eigarar. Inntektene går inn i Elgen og byggjeprosjekta som ventar.