Bjørn Skinnarland på Brattås i Rauland har vore Høgre-politikar i mange år. No vil han melde seg ut av partiet. – Makan til distriktsfiendtleg politikk som Høgre fører i regjering har me aldri sett før, meiner han.
Bjørn Skinnarland på Brattås i Rauland har vore Høgre-politikar i mange år. No vil han melde seg ut av partiet. – Makan til distriktsfiendtleg politikk som Høgre fører i regjering har me aldri sett før, meiner han.

– Må bygdefolket døy på byfolkets altar?

Bjørn Skinnarland på Brattås i Rauland har vore Høgre-politikar ei årrekkje. No har han fått nok, og vil melde seg ut av partiet. – Meir distriktsfiendtleg politikk enn Høgre har ført denne perioden har me aldri sett, seier han.

– Høgre inviterte medlemene sine til dugnad i valkampen for tre år sidan. Kva hjelper det når distrikta blir gløymde? Eg var sterkt med på dugnaden med håp om at Høgre ville rydde opp i viktige saker for distrikts-Noreg, men kva har skjedd, spør Skinnarland.

La ned Rjukan sjukehus

Han peikar på uttalene frå helseminister Bernt Høie som gjekk ut på at ingen sjukehus skulle bli lagt ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høie sa at helsetenestene skulle vere der folk budde. Men ikkje før Høgre og Høie kom til makta så blei Rjukan sjukehus lagt ned. Fylket fekk i si tid kjøpe sjukehuset av Tinn kommune for ei krone. No må Tinn kommune betale 45 millionar om dei skal kjøpe det tilbake, fortel Skinnarland.

Eigedomsretten

Eit anna viktig punkt for Skinnarland er eigedomsretten. Han meiner at grunneigarar i fjellbygdene og i distrikta ikkje blir respekterte på same måten som grunneigarar langs kysten.

– Det er stor forskjell på Kong Salomo og Jørgen Hattemakar. Ein må tydelegevis ha store ressursar for å bli teken på alvor i dette landet. På Høgres landsmøte i 2010 kom partiet med ein resolusjon som sa ja til eigedomsrett og lokaldemokrati. I praksis har ikkje Høgre fylgd dette opp, og me ser ikkje noko resultat av resolusjonen, forklarer Skinnarland.

– Vernepraksisen er tjuveri

Han fortel også at verneproblemet er ei viktig sak i distrikta. Grunneigarar blir pålagt vernetiltak utan å få kompensasjon frå det offentlege. Han meiner at distrikta ikkje kan leve under eller akseptere slike uverdige ordningar, som han vel å kalle dei.

– Viss staten treng areal til vern av natur, så må grunneigarane få betalt ei årleg leige for det. Det er slik det fungerer elles i samfunnet, seier han.

– Dagens vernepraksis er i røynda tjuveri og kriminelle handlingar frå det offentlege, legg han til.

– Må me ty til borgarvern?

Han nemner også omorganiseringa av politiet som eit døme på distriktsfiendtleg politikk Høgre fører i regjering.

– Kom ikkje med påstandar om betre tilbod når tenestar blir flytta til byane. Med auka avstandar minkar tryggleiken i distrikta. Skal me måtte ty til borgarvern att? Kor dum går det eigentleg an å bli, spør han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er heller ikkje særleg positiv til kommunesamanslåingar, og viser til samanslåinga i 1964 då Rauland og Vinje blei ein kommune.

– Samanslåing førte ikkje med seg utvikling, snarare avvikling og flytting av verdiar, seier han.

– Stengje kranene i distrikta?

Skinnarland etterlyser fanesakene til Høgre, og han bed partiet om å stikke fingeren i jorda og sjå realitetane. Han ynskjer ikkje at byane skal bli utvikla medan distrikta blir lidande. Han peikar på at svært mykje av verdiskapinga i Noreg skjer ute i distrikta.

– Kanskje må me ute i distrikta setje ned foten og stengje kranene i vasskraftverka våre. Det er på tide at me tek oss betalt for tenestene og produkta me leverer. Og så må me slutte med denne EU-tilpassinga i dette landet. Det er eit svik på line med landsforræderi, og eg meiner me må late att portane til Noreg, seier Skinnarland bestemt.

– Er det slik at bygdefolk må døy på byfolkets alter? Dette er ein merkeleg politikk, og det blir by og land som hund og katt, eller kanskje det som endå verre er, avsluttar ein frustrert og forbanna Bjørn Skinnarland.

Abrahamsen: Bjørn har ei tydeleg stemme

– Eg synest det er synd at Bjørn vil melde seg ut av Høgre. Han har ei tydeleg stemme, men eg er ikkje einig med Bjørn i alt han seier. Partiet er no godt i gang med programarbeidet for neste stortingsperiode, og i den samanhengen er det sett ned eit distriktsutval som mellom andre eg er medlem i. Dette er eit område partiet er oppteken av, og me har bede om og fått mange innspel frå lokallag og medlemer, seier Høgres stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen frå Flatdal til VTB.