Må finna nytt samarbeid

Legevaktsamarbeidet mellom Vinje, Tokke og Tinn er over etter at akuttilbodet på Rjukan sjukehus er lagt ned. No ser dei etter nye løysingar.

Kommunane Vinje, Tokke og Tinn har hatt eit samarbeid om legevakt om natta, som er sagt opp i samband med at akuttilbodet på Rjukan sjukehus blir lagt ned. No må kommunane finna ei ny løysing.

– Utgangspunktet må vera at me held fram med eit samarbeid med kommunane rundt oss, men sidan oppseiinga kom midt i ferietida, ventar me til ferien er over, men då vil me ta initiativ andsynes nabokommunane, fortel helsesjef i Vinje kommune, Kari Dalen. Ho fortel at det fyrste dei vil gjera er å kontakta Tokke, som dei har legevakt saman med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile etaten under lupen

– Me må laga ein ny avtale, men me har ikje sett på det i kommunen og ikkje snakka med nokon andre endå, fortel helsesjef i Tokke, Ann Wraa.

Tokke skal gå gjennom heile helseetaten i haust, og det inkluderer legevakta. Difor har dei ingen planar for legevaktordninga før den gjennomgangen.

– Oppseiingstida er eitt år, så me har ganske god tid, seier Wraa.

Rådmann i Tinn, Rune Lødøen, fortel til NRK Telemark at dei er interesserte i å halda fram med samarbeidet, og at dei nyleg har vore på studietur til Hallingdal for å sjå på modellen der. Dei har eit samarbeid mellom kommunane og med Sjukehuset Ringerike.

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov seier til NRK Telemark at vanlegvis er det kommunane sjølve som har ansvaret for legevakta