Må framleis vente i uvissa
Seljord må vente til midten av november før dei veit om det blir framleis spel i 4. divisjon. Uavgjort heime mot Langangen laurdag gjorde at Seljord enda nest sist på tabellen.
Etter 2-2 mellom Langangen og Seljord heime på Eventyrøy laurdag, venta heimelaget spent på resultatet i kampen mellom Skidar og Drangedal. Dette kunne redde Seljords plass i divisjonen.
Drangedal vann 5-4, men plassen er likevel ikkje sikra, sjølv om Seljord klarte å få Skidar bak seg på tabellen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor mange lag som rykker opp frå kvar divisjon er fast, men ikkje nedrykk. Nå må Seljord vente og sjå kva som skjer i dei øvrige divisjonane, fortel dagleg leiar ved Telemark fotballkrins, Roger Eilertsen.
Han seier at Seljord ikkje får den endelege beskjeden før i november, men trur at det kun er eitt lag som rykkjer ned frå 4. divisjon, og at Seljord held plassen.
Tok leiinga
Seljordspelarane var hissige på siger laurdag, og Smari Stefanson lyfta håpet då han sette inn kampens fyrste nettkjenning etter få minuttar. Men Langangen kvitterte og laga gjekk til pause med 1-1.
Jørgen Erichsen debuterte med mål borte mot Langesund/Stathelle 2 førre helg, og fylgde opp mot Langangen. 10 minutt ut i andre omgang fekk han god hjelp av ein Langangen-forsvarar og Seljord var på ny i leiinga.
Seljord heldt fram med å presse, men klarte ikkje å auke leiinga. Halvvegs ut i 2. omgang var det i staden Langangen som fekk utteljing. Ei keepertabbe av heimelagets målvakt gav 2-2, noko som også blei sluttresultatet.
Baklengsmåla var to store tabber, men eg er likevel godt nøgd med innsatsen til gutane. Dei har vore positive trass at laget har hatt mange tap i år, men dei har hatt trua og halde motet oppe, seier trenar Slinde.
Trur dei blir
Han vonar at Seljord blir i 4. divisjon.
Det fortener me. Me har mange unge gode spelarar, som kan utvikle seg mykje i 4. divisjon, seier Slinde som ikkje lovar at han tar på seg trenarvervet neste år.