Må kutte to stillingar i barnehagane
I det førebelse budsjettframlegget for 2019 føreslår rådmannen å kutte to stillingar i barnehagane, truleg på Åmdals Verk og på Dalen.
Oppvekstsjef Finn Arne Askje la fram etaten sine framlegg til innsparingar for det komande budsjettet i formannskapet i Tokke onsdag.
– Etaten vår beveger seg mykje mellom lovpålagte og ikkje-lovpålagte oppgåver. Det har kome nye krav når det gjeld minimumsbemanning både i barnehage og skule, og slik situasjonen er no tilfredsstiller me berre lovkravet. Me ligg heilt på grensa. Me har så gode resultat i skulen at me ikkje ønskjer å gjera ei endring der, sa Askje og sikta til at skulane i Tokke fleire gonger har blitt kåra til dei beste i fylket.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det me har gjort er å tilrå å kutte to årsverk i barnehagen frå 1. juli neste år, sa Askje.
– Kva barnehagar er det snakk om? spurde Vidar Vindal (Ap).
– Det er to barnehagar som peiker seg ut. Åmdals Verk er den eine. Der klarar me kanskje å drifte, men det er veldig få ungar att der. Den andre er Dalen. Me skal prøve å klare oss til ferien, men så må me kutte ei avdeling der. Dette er fordi det blir færre born, sa Askje.
Han gjorde det klart at kutting i Høydalsmo og Lårdal ikkje ser ut til å vera aktuelt i denne omgangen.
Når kommunen får fulltidseffekt av innsparinga, i 2020, vil det vera snakk om 1,1 million kroner innsparing i året.