Må spare, men er usamde om måten
Dei politiske fløyene i Tokke kommune er samde om at kommunen må spare pengar. Men Arbeidarpartiet er skeptiske til framlegga som Senterpartiet kom opp med etter ein idédugnad i vår.
– I år er det nulltoleranse for å ikkje fylgje budsjettet. Skulle det kome på uføresette tiltak må dei på bordet straks. Disposisjonsfondet vårt er praktisk talt tomt, sa Thor Arne Heggtveit (Sp) då formannskapet handsama rekneskapen og dei førebelse budsjettrammene for 2017, i tillegg til og økonomi- og handlingsplanen for 2017–2020.
Dermed streka Heggtveit under nokre av årsakene til at enkelte planområde har hatt overskridingar; nemleg at tidlegare politiske vedtak om innsparingar ikkje er sett i verk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samde om å spare
Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) gav tydeleg uttrykk for at han var uroa over den økonomiske stoda i kommunen, og viste til kommunestyrevedtaket frå februar i år som seier at tenestenivået i Tokke kommune må reduserast, og at talet på årsverk i kommunen bør ned frå dagens nivå på 250. Vedtaket sa også at budsjettet skal leggje opp til eit overskot på 1,5 prosent.
Opposisjonsleiar Hilde Alice Vågslid (Ap) er samd i at innsparingar må til.
– Eg trur alle er klare over den økonomiske situasjonen i kommunen, men eg meiner det har vore litt vel mykje fokus på dette no. Det er stor frustrasjon blant dei tilsette i kommunen, og eg tenkjer det er viktig at innsparingstiltak blir presentert på ein positiv måte. No må me vise at me kan spele på lag, sa ho.
Senterpartiet i Tokke hadde tidlegare i vår ein idédugnad der dei mellom anna kom med framlegg til innsparingstiltak. Lista blei lang og truleg vil fleire av framlegga ikkje bli med vidare i prosessen.
– Me vil ikkje fylgje lista slavisk, men det er viktig å starte ein stad, sa Birgit Johanne Kovajord Olsnes (Sp) då lista blei presentert.
– Likar ikkje måten
Arbeiderpartiet hadde fått lista kvelden før formannskapsmøtet, og det var dei lite fornøgde med.
– Me har ikkje hatt tid til å diskutere innhaldet i lista. Alle er samde i at kommunen må spare pengar, men eg likar ikkje måten Senterpartiet går fram på i saka. Innhaldet i lista er ein ting, men å gjere vedtak om å ha denne lista med i det vidare arbeidet er eg imot, sa Vågslid.
– Det er viktig for oss å presisere at dette ikkje er nokon fasit, men snarare innspel som rådmannen kan ta med seg vidare i budsjettprosessen, sa Olsnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me reagerer som sagt på prosessen. Eg tykkjer det er frekt av Senterpartiet å leggje fram denne lista no, og me er skuffa over det. Lista inneheld tiltak som går ut på å seie opp tilsette og det er svært uheldig. Me er samde i at må me spare, men slike utspel sender feil signal, kommenterte Vågslid.
Ellen Ofte Jakobsen (KrF) var litt meir avventande til utspelet frå Sp, sjølv om ho og partiet hennar saman med Ap utgjer opposisjonen i inneverande periode.
– Eg ser at Sp har gjort ein grundig jobb med tanke på innsparingstiltaka. Men eg treng meir tid på meg før eg seier noko meir, sa ho.
– Eg meiner lista er for konkret, og vil berre gjere folk usikre, sa Vidar R. Vindal (Ap).
– Lista er meint som eit arbeidsdokument, og me meiner det bør vere mykje å ta tak i her. Men det er ikkje meininga at folk skal seiast opp. Me har teke omsyn til naturlege avgangar i åra som kjem, forklarte Olsnes.
Lista frå Senterpartiet blei med 4 mot 3 røyster teken med som eit innspel til rådmannen i det vidare budsjettarbeidet
Senterpartiets spareliste:
1. Generelt:
Tilsette i kommunen må vera førebudde på endringar i arbeidsoppgåver og arbeidsstad.
Redusere konsulentbruken i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Redusere i kurs som ikkje er lovpålagte.
Ikkje innføre eigedomsskatt på hus og hytter i Tokke kommune.
2. Planområde 1 - Sentraladministrasjon:
a. Redusere med 1,5 årsverk
3. Planområde 2 - Oppvekst:
Ikkje gjere strukturendringar utover at barnehagen i Byrte blir lagt ned som eimellombels ordning.
Oversikt på innsparingspotensialet og ei vurdering av å redusere vikarbruken i oppvekstetaten til dømes gjennom større fleksibilitet av ressursar mellom einingane.
Oversikt på innsparingspotensialet ved å redusere/slå saman administrative årsverk i etaten, og kva etaten ser for seg kan reduserast/slåast saman.
Vurdere innsparingspotensialet på at administrative funksjonstillegg skal fylgje den faktiske ressursen som ligg til stilling.
Ei vidareføring av auken på 0,2 årsverk ved Åmdals Verk skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit budsjettframlegg der talet på årsverk ved skulane på Dalen og Høydalsmo blir redusert med 2 årsverk til saman.
Vurdering og oversikt over innsparing med å redusere 2 årsverk i barnehagane.
Oversikt som viser innsparingspotensialet med å stenge Dalen barnehage 1 veke og/eller 2 veker om sommaren.
Vurdering om den administrative delen av kulturskuleleiar kan reduserast med20 %. Kan noko av det administrative ansvaret overførast til etatsjef/andre administrative stillingar på etaten?
At kulturskuletilbodet skal gjelde fram til fylte 20 år.
4. Planområde 3 - Helse og omsorg:
Ei økonomisk og fagleg vurdering av prosjektet «Nytt blikk»/heiltidskultur.
At Tokke kommune skal gå i dialog med Vinje for å sjå nærare på kostnadsfordelinga for legevaktsamarbeidet og gjere ei fagleg og økonomisk vurdering av å drifte svarteneste på natt sjølve.
Oversikt som viser innsparingspotensial og fagleg konsekvens med å redusere med 1 stilling på kjøkkenet/legge om til avdelingskjøkken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vurdering av å legge arbeidet med oppfylging av diabetespasientar til legane og vise eventuell innsparing med dette.
Vurdering av moglegheita for å ta opp att reisevaksinasjon i Tokke/eventuelt få til eit samarbeid med Vinje om dette.
Vurdering av innsparing med å redusere med 5 institusjonsplassar på sjukeheimen.
Ei fagleg og økonomisk vurdering av å redusere talet på nattevakter.
Vurdering av å redusere med 6 årsverk totalt i etaten der 1-2 av desse er knytt til Åheim.
Vurdering av korleis ein kan bruke ressursane meir fleksibelt og kostnadseffektivt med større grad av samarbeid på tvers av etatane, til dømes psykiatri/helsestasjon/skule + bufellesskap/omsorgssenter/sjukeheim/heimetenesta.
Oversikt som viser kva oppgåver ein frivilligsentral kan overta frå Kvito og den eventuelle innsparinga på dette.
5. Planområde 4 - Plan, næring og kultur:
Kutte 1 stilling i etaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Redusere opningstidene på Tokkebadet med ein månad.
At kommunen etablerer eit samarbeid med idrettslag/friviljuge for å drifte Tokkebadet.
Vurdering av å slå saman av teknisk- og plan-/næringsetaten og flytte kultur til oppvekstetaten.
6. Planområde 5 - Teknisk:
Vurdering av kva for kommunale bygg ein kan redusere reinhaldet på – kor oftetreng ein vaske kontor til dømes.
Vurdering av om ein kan redusere med 2 stillingar på etaten der 1 ligg i reinhald.
Vurdering av korleis ein skal få ned kostnadane til vegvedlikehald i Tokkekommune.
Vurdering av samanslåing av teknisk- og plan-/næringsetaten.
Setje i gang straumeffektiviseringsstiltak som t.d. å montere reguleringssystem.
Vurdering av å innføre fast tillegg for utkallingsvakt på vatn/avløp.