Magnus har stor fart i sporet
Etter to hopprenn der Magnus Krog ikkje fekk full klaff, gjekk han seg kraftig opp på resultatlistene etter langrenna i helgas verdscuprenn i kombinert i austerrikske Ramsau.
Eg vel å sjå positivt på helgas konkurransar, og eg er veldig godt fornøgd med langrennsforma. Det er ganske jamt i hoppbakken, og med eit par meter ekstra ville eg kjempa om sigeren, seier Krog.
Laurdag blei Krog til slutt nummer elleve, etter at han låg på 40. plass etter hopprennet. Det blei norsk dobbeltsiger til Magnus Moan framfor Mikko Kokslien. Krog var 33 sekundar bak vinnaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sundag blei Krog nummer 34 i bakken, men han gjekk styggfort i sporet. Det gav han ein 14. plass, berre 17,6 sekundar bak vinnaren og lagkameraten Mikko Kokslien.
Heim på joleferie
Det blei litt for langt fram båe dagar, men det skal ikkje så store justeringane til før eg får betre lengder i hoppbakken. Sundag tok eg att halen på tetgruppa, men det blei likevel litt for tøft på slutten. No set eg kursen heim til Høydalsmo og litt joleferie, fortel Krog.
Han blir verande heime til romjoli då han set kursen mot Trondheim og romjolssamling.
Små justeringar
Då skal eg prøve å justere sitjestillinga mi litt og sjå om ikkje det gjev resultat i hoppbakken. Det har vore ein litt tung start på sesongen, men eg kjenner at i alle fall langrennsforma blir betre for kvar konkurranse. Elles er det moro å vere ein del av det sterke laget me har i kombinert no, seier han.
Rett etter nyttår set han og kombinertlandslaget kursen for Tyskland. Då er det ny verdscuprunde i Schonach.
Eg er optimistisk med tanke på resten av sesongen, og vel å ta med meg det som er positivt. Eg har vist at eg kan lykkast i hoppbakken tidlegare, så eg har trua på hoppinga blir betre utover sesongen, fortel Krog.
Snør det forresten heime no, ville Krog vite, og blei fornøgd med svaret.