Mållag i medvind
Nye krefter har fått nytt liv i Nissedal mållag. Medlemstalet har auka frå 12 til 30 på kort tid. Nå vil mållaget jobbe for at barn og ungdom ikkje får vatna ut nynorsken og dialekten.
Dei siste ti åra har det ikkje vore aktivt mållag i Nissedal. Sist vinter stakk ein reiseskrivar frå Noregs mållag innom bygda for å prøve å få nokon til å blåse liv i laget att. Dei totalt tolv medlemmene i Nissedal som stod registrert sentralt, fekk innbyding til eit møte med reiseskrivaren. Bare tri hadde høve til å kome.
Det var veldig koseleg. Me fekk spesielt mykje mat, skøyar Harald Valle, ein av dei få som møtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må bort for å bli vekt
Møtedeltakarane blei samde om å sende skriv til ein del personar i Nissedal med oppmoding om å melde seg inn i det lokale mållaget. Responsen blei langt større enn venta. Laget fekk 18 nye medlemmer på få dagar.
Det er veldig bra. Men potensialet er mykje større. Eg veit om mange målfolk som ikkje er medlemmer, seier mållagsmedlem Valle.
Han trur mållagsarbeidet kanskje ikkje tyder så mykje for dei vaksne, men langt meir blant barn og ungdom. Han er oppteken av at ungdomen ikkje sluttar med nynorsk når dei kjem på vidaregåande skular. Andre igjen kan faktisk oppleve å få seg ein vekkar etter å ha vore heimanfrå ei stund.
Etter at ungdomane har vore borte frå bygda eit år, blir somme av dei endå meir opptekne av nynorsken. Når ungdomane flytter ut av bygdene blir presset frå bokmålet mykje større. Det meiner eg er grunnen til at fleire av dei etter kvart blir bevisste på nynorsken og dialekten, seier Valle.
Ser at språket er truga
Han trur grunnen til at så mange plutseleg meldte seg inn i mållaget, er at dei ser nynorsken og dialekten som truga.
Nynorsken og dialekten blir stadig meir utvatna i Treungen, men også resten av Vest-Telemark. På små stader skal det veldig få innflyttarar til før barn og ungdom blir påverka. Her trengst det ein innsats, og det vil mållaget jobbe med framover. Blir det ikkje gjort noko, er det viktig å vere klar over faren for kva som kan skje med nynorsken og dialekten. Dette språket har noko med identitet å gjere, avsluttar Valle.