Mållaus av målpris
Etter å ha fått målprisen i Kviteseid lova Toralf Grave at dialektbruken på arrangement skal halde fram – og faktisk auke når han er i bynære strok.
På ein godt besøkt bygdekveld på Sundvang kulturhus fredag under årets Kviteseidmarken, var mållaget og kommunen igjen klare for å servere eit samarbeid dei imellom; utdeling av målpris. Styret i mållaget og ein representant frå kommunen hadde på førehand peika ut vinnaren.
Ordførar Tarjei Gjelstad fekk gleda av å dele ut prisen, men nemnte ikkje kven vinnaren var før heilt mot slutten av ei grunngjeving som låg bak valet. Ordføraren slo fast at årets prisvinnar er ein konsekvent brukar av nynorsk som skriftspråk og av kviteseiddialekten i alle situasjonane i kvardagslivet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når ein veit at mange av oppgåvene til prisvinnaren rettar seg mot miljø og målgrupper der bruk av dialekten ikkje er nokon sjølvsagt ting, og heller ikkje kvardagskost i slike formidlingsoppdrag, er det ekstra prisverdig sett frå mållaget og kommunen at vedkomande er ein verdig målprisvinnar, sa ordføraren.
Klangfull
Vidare blei det peika på prisvinnarens særprega og presise informasjonsevne med klangfull og tydeleg språkbruk. Bodskapen er lett å få med seg innan eit breitt spekter av kulturlivet, og blir alltid tatt godt imot av det publikum som er målgruppa.
– Med sin tidlegare bakgrunn og med den kompetansen prisvinnaren har, leiar vedkomande tilhøyrarane sine med stødig språkbruk og si gode informasjonsevne bokstaveleg tala inn på det rette sporet, enten det er i hoppbakken eller i langrennsløypa, i kappestrid mot målseglet, i politiske duellar eller i eit breitt spekter av kulturelle tiltak og samankomstar, sa ordføraren.
– Med andre ord skaper prisvinnaren ei særeigen og god atmosfære og ei engasjert stemning gjennom den måten vedkomande brukar talemålet sitt på. Årets målprisvinnar er Toralf Grave, blei det endeleg avslørt.
Grubla heime
Grave såg svært overraska ut der han gjekk fram for å ta imot målprisen, eit diplom og ein miniskulptur laga av Gunnar Torvund. Det kom stor applaus frå salen.
– No forventar de vel at eg skal seie noko, men eg er i sjokk, sa Grave. Han takka og fekk ikkje fram fleire ord før han gjekk glad og smilande tilbake til stolen sin.
VTB kontaktar Grave «dagen derpå» for eit intervju. Det fyrste han seier er at han var oppriktig i sjokk kvelden før.
– Då ordføraren snakka om kven som skulle få målprisen var det så fjernt, for eg fylgde med på telefonen på hopplengder frå Vikersund. Karel Krog fôra meg med kvar einaste hoppar. Heilt på slutten gjekk det opp for meg at det kunne vere meg som skulle få målprisen, seier Grave.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter å ha fått målprisen fann eg ut at det ikkje ville kome fornuftige ord frå meg, så eg sa bare tusen takk, held han fram.
Etter å ha kome heim frå bygdekvelden, blei det grubling over kvifor han fekk målprisen.
– Årsaka må vere at eg blir mykje bruka som speaker også lokalt, og forholdsvis mange høyrer meg relativt ofte, seier Grave.
Dialektgaranti
Dette seier han om å ha fått målprisen:
– Veldig moro, og kunstverket frå Gunnar Torvund kjem til å hengje høgare og høgare til meir eg ser på det.
Grave er kjent som speaker både i små og store arrangement rundt i Telemark og fleire andre stader i landet.
– Knotar du aldri som speaker?
– Eg må vedkjenne at når eg er speaker til dømes i Holmenkollen og Vikersund tek eg nok vekk dei mest spesielle dialektorda. Det er rett og slett for å informere betre, svarar Grave.
Artikkelen held fram under annonsen.
Målprisen gjer at han kjem til å endre seg etter å ha fått ei slik påskjønning.
– Eg skal ytterlegare skjerpe meg og halde endå meir på dialekten på større arrangement også, sjølv om eg opptrer i bynære strok. Eg skal garantere at det blir mykje dialekt på alle arrangement framover, avsluttar prisvinnaren med eit stort smil.
Triveleg bygdekveld
Sjølv om utdelinga av målprisen nok blei sett på som høgdepunktet på bygdekvelden, blei arrangementet krydra med fleire andre gode innslag.
Kviteseid hornmusikk sin versjon av «Pål sine høner», med dei yngste musikantane i hovudrollene, var bare knall og fekk stor applaus. Det same opplevde 1. til 4. klasse ved Brunkeberg oppvekstsenter. Elevane kom med det eine innslaget etter det andre, og blei møtt av smil og latter frå salen.
Ein annan å nemne som fekk fram smil og latter, var Leif Arild Sanden. Humørspreiaren kom like før matpausen fykande inn i salen utkledd som kokk og varsla at det var han som hadde ansvaret for maten denne kvelden.
– Eg er best til å flambere. Eg arbeidde på Brokefjell rett før det brann, og etterpå var eg i Åmot …, sa kokken, som i ein plastpose hadde «avkutta fingrar» etter å ha jobba på Sundvang-kjøkkenet denne kvelden.
Seinare kom Sanden inn som Sveinung Myljomtveit og skulle lese dikt. Men det tok tid før han kom dit, for det var anna moro som låg fremst i kjeften.
Elles kom Myljomtveit med ei ny opplysning: Landbruksetaten og helseetaten i Nissedal kommune blir slått saman og får namnet Pløye og omsorg …