Målprisen 2006 til Jordskifteretten
Jordskiftedomar Svein Dag Midtsund fekk målprisen på Kviteseid Mållag sin bygdekveld fredag. Han leiar ein etat som har vore ein solid nynorskbastion i snart 50 år. Prisvinnaren forsikra at han vil halde fram med å skrive nynorsk, sjølv om det ikkje alltid er like lett i den juridiske verda.
Varaordførar Jonn Foldøy stod for overrekkinga av målprisen som er ein skulptur laga av kunstnaren Gunnar Torvund og eit diplom. Foldøy uttrykte glede over at Vest-Telemark jordskifterett ikkje har late seg vippe av pinnen språkleg i ei tid der heimemålet i regionen er under sterkt press frå både bokmål og engelsk.
Av og til er han som styrer jordskifteretten også privatperson, og då hender det at han lyg i lugarlauget. Det er alltid heimemålet han fyrst og fremst tyr til. Og han gjer det på ein slik måte at alle forstår så inderleg vel at kviteseidmålet også er eit makelaust verktøy for revyscena, sa Foldøy, før han kalla Svein Dag Midtsund fram på golvet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prisvinnaren takka for utmerkinga, og sa at det kom heilt overraskande. Midtsund fekk forsamlinga til å le høgt då han imiterte dei juridiske formuleringane advokatar frå Oslo vest leksa av seg på konservativt riksmål når dei prosederte i jordskifteretten.
Eg kjem til å halde fram med både å skrive og snakke nynorsk, slo prisvinnaren fast.