Månadsvis utan breiband - og årevis utan mobildekning
Innbyggjarane i Haugsjåsund har i alle år hatt elendig mobildekning. No har dei også vore gjennom tri månader med bare krøll på breibandet. Telenor står ikkje høgt i kurs der i grenda.
Fleire innbyggjarar i Haugsjåsund sør i Nissedal kommune fortel at dei i alle år har hatt svært dårleg mobildekning i området. Det endar ofte med at folk må køyre til ein annan stad for å få gode nok signal til å ringe.
Som om ikkje det er nok trøbbel, har truleg rundt 40 abonnentar i fleire månader hatt problem med breibandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg brukar internett kvar dag. I slutten av mai blei det plutseleg bare tull og slutt på signala. Eg kan sjå på maskina mi kvar feila ligg, og i to høve er eg heilt sikker på at serveren til Telenor var ute av drift, fortel innbyggjar Thorfinn Berge.
Eg har hatt problem med internett i minst tri månader, seier Frank E. Lien, innbyggjar og aktiv lokalpolitikar.
Nabo og næringsdrivande Ottar Tveit har hatt problemet nesten like lenge.
Me har ikkje internett, intet nett frå Telenor, uttrykkjer han seg.
Kundeservice utan svar
Når det oppstår feil får Lien beskjed om å ringe operatøren. Det hjelper lite når også hustelefonen hans koplar ut på same tid, i tillegg til at det er umogleg å ringe med mobilen.
Telenor kan bare sette opp ei antenne i masta ved Høgefoss, og det bør ikkje koste stort, seier Berge om det han meiner kan løyse mobilproblemet.
Når det gjeld internett kan det plutseleg vere på plass eit par timar, og så er det borte att. Ein nabo kan ha dekning ei stund, medan andre har null signal. Det er ikkje mogleg å opne epostar eller sende. Skal ein til dømes betale rekningar på nettbanken, er løysinga å køyre til kjente med oppegåande breiband og spørje om å låne nettet.
Fleire har teke kontakt med kundeservice i Telenor om internettproblemet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me får aldri svar derfrå. Det er så frustrerande, ristar trioen på hovudet.
Berge opplevde tysdag at Telenor sa feilen var retta dagen før, men det stemte ikkje.
I ettermiddag fekk eg ein SMS frå Telenor om at no var feilen retta, men framleis er alt svart, seier Berge når VTB er i Haugsjåsund tysdag.
Stor skam
Trioen undrar på om det kan vere ein feil i sentralen på Ilekleiv eit stykke unna, fordi alle abonnentane som skal ha signal derfrå har store problem med internett. Om det har vore torevêr har dei forståing for at det kan bli problem med internett. Situasjonen i langt tid no er noko heilt anna. Oppstår det feil meiner dei at Telenor må stå på både nettar og eventuelt helger for å ordne opp.
Her er det nokon som ikkje gjer jobben sin, seier Lien.
Me føler oss dumme, for me betaler for ei vare som me ikkje får, skyt Tveit inn.
Dette er ei stor skam av Telenor, eit selskap med nok av pengar, legg Berge til.
Telenor går ut med at dei har full dekning, og så klarer dei det ikkje, seier Tveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det eignar seg ikkje på trykk kva me eigentleg meiner om Telenor. Er det for få abonnentar her slik at me ikkje er viktige nok, spør tri fortørna karar.
Telenor får anten levere skikkeleg vare eller bite i det sure eplet og seie at dei ikkje klarer det, avsluttar Tveit. Lien og Berge nikkar samde.