Manar til kamp for lokalsjukehuset
Lokalsjukehusa har dei beste behandlingstilboda for minst 90 prosent av pasientane. Lokalsjukehusa er mykje billegare å drive enn dei store sjukehusa og eit lokalsjukehus utnyttar personalressursane mykje betre samanlikna med dei store. Dette er tri heilt avgjerande argument for å behalde Rjukan sjukehus, sa Gunnar Støno, kommunelege i Tinn og leiar i Interessegruppa for Rjukan sjukehus under folkemøtet i Raulandshuset tysdag kveld.
Engasjementet for å redde Rjukan sjukehus har ført til brei mobilisering blant innbyggjarane i primærområda Vinje, Tokke og Tinn. Rekordmange 400 menneske møtte fram på folkemøtet i regi av Interessegruppa for Rjukan sjukehus på Raulandshuset tysdag.
Takk til alle som viser initiativ. Det er eit inderleg engasjement sjukehuset treng, sa kommunelege i Tinn og leiar i Interessegruppa for Rjukan sjukehus, Gunnar Strøno.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treffande argument
Helse Sør skal spare ein stad mellom 500 og 900 millionar kroner. Helse Blefjell er eit dotterselskap av Helse Sør og må såleis spare ein stad mellom 25 og 45 millionar kroner i løpet av 2004.
Helse Sør har starta eit prosjekt dei kallar «Resept 2006». Prosjektet skal gjere sjukehusstrukturen meir rasjonell. Faggruppene, som er samansette av avdelingsoverlegar, er nå ferdige med arbeidet sitt, og dei føreslår å leggje ned akuttfunksjonen ved sjukehuset på Rjukan. Eg må spørje, er sjukehusa til for overlegane eller pasientane, sa Strøno til øyredøyvande applaus frå dei frammøtte.
Leiaren av interessegruppa presenterte ei heil rekkje argument for å la sjukehuset overleve.
Lokalsjukehus har dei beste behandlingstilboda for minst 90 prosent av pasientane. Lokalsjukehusa er mykje billegare å drive enn dei store sjukehusa, og eit lokalsjukehus utnyttar personalressursane mykje betre samanlikna med dei store. Dette er tri heilt avgjerande argument, hevda Gunnar Støno.
Samdata, som offentleggjer offisiell norsk helsestatistikk, har sidan 1995 gjeve ut årlege publikasjonar som samanliknar dei ulike sjukehusa i Noreg. Samdatas informasjon tar høgde for at store sjukehus har fleire pasientar med alvorlege lidingar. Samla sett kjem lokalsjukehusa best ut økonomisk.
Ved Rjukan sjukehus behandlar kvar lege 328 pasientar kvart år. Til samanlikning tar ein lege ved Sjukehuset Telemark seg av 180 pasientar i løpet av eitt år, informerte Støno.
I fylgje Samdatas tal er ein standardpasient på eit lokalsjukehus 2.500 kroner billegare enn på eit sentralsjukehus.
Rjukan sjukehus er eitt av dei billigaste sjukehusa som blir drive her til lands. Dessutan er me desidert mest effektive i å behandle pasientar. Det er aldeles bort i hampen å vurdere å leggje ned eit lite sjukehus som kostar lite og behandlar mange pasientar, uttalte han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pasientane forsvinn ikkje
Gunnar Strøno poengterte at pasientane ikkje vil forsvinne sjølv om eit sjukehus forsvinn.
Dersom sjukehuset på Rjukan forsvinn, må 2.400 pasientar per år bli behandla ved eit anna sjukehus i regionen. Når me i tillegg kjenner til at andre sjukehus har vesentleg høgare behandlingskostnader enn Rjukan og ein plussar reisekostnader på, vil det bety ein auka økonomisk belastning for Helse Sør å leggje ned Rjukan sjukehus, hevdar Gunnar Strøno.
Både Strøno, Hanne Thürmer, sjefslege ved Blefjell sjukehus, og Svein Tore Valsø, dagleg leiar ved Rjukan sjukehus, oppmoda dei frammøtte til å vere aktive pådrivarar for Rjukan sjukehus.
Protester. Protester så tydeleg at politikarane skjønar at de meiner alvor. Ta sjølvstendige initiativ. Bruk kontaktane de har. Kjemp for sjukehuset vårt, mana dei.
Rjukan sjukehus
* Eldre menneske med kroniske lidingar er den største pasientgruppa
* 2.400 innleggingar i året fordelt på 1.200 ved medisinsk avdeling og 1.200 ved kirurgisk avdeling
* 90 prosent av pasientane kan behandlast like godt ved eit lokalsjukehus som ved eit sentralsjukehus