Manar til kamp mot mordarsnigelen
Han spreier seg med rekordfart, et det meste han kjem over, og er svartelista i Noreg. Mordarsnigelen, eller brunskogssnigelen, er ikkje triveleg å få som gjest.
Brun skogssnigel, mordarsnigelen, brunsnigel, iberiasnigel. Ikkje alle «barn» er kjære sjølv med mange namn. Arion Vulgaris er det latinske namnet. Den brune skogssnigelen er svartelista i Noreg.
Men sjølv om brunskogsnigelen er uynskt i norsk natur er han på stadig frammarsj, i Seljord og fleire andre stader i Vest-Telemark. Det ynskjer hagelaget i Seljord å gjera noko med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Plukke, plukke, plukke
Leiar i Seljord hagelag, Torill Gunstensen, har ein flott hage rundt huset i Gravshaugane i Seljord. Staudane er i god vekst i tallause bed i slutten av april, men kvar sommar er det ein kamp for å behalde blomar og grøne planter. For brunskogsnigelen har for lengst etablert seg i byggjefeltet.
– Eg såg den fyrste snigelen her for 12 år sidan, og eg veit eg fekk han via blomar eg hadde kjøpt. I dag finn du snigelen fleire stader i Seljord, i heile sentrum, på Møsasida og i byggefelt. Og det er bare eit tidsspørsmål før den spreier seg endå meir, fortel Gunstensen.
Brunskogsnigelen formerar seg raskt. Ein snigel legg opp mot 400 små, runde blanke egg på hausten, og neste år finn ein ungsniglane tidleg på våren.
– Eg såg dei fyrste til påske i år då gradestokken var over 10 varmegrader, og eg har tatt mange til no. På sommaren plukkar eg 250-300 sniglar om dagen, fortel Torill, som tek ein jaktrunde både morgon og kveld i sommarsesongen.
Men trass intensiv innsats er snigelen vanskeleg å bli kvitt. Difor ynskjer hagelaget å få til ein «snigledugnad».
Eksperthjelp
For å få bukt med brunsnigelen finst det fleire tiltak. Kaffegrut som jorddekke, sagmugg langs hagegrensa, fersk oske i blomsterbed eller kjemiske tiltak som Ferramol er blant triksa. For å få best mogeleg utbytte av tiltaka er det viktig å få alle med på dugnaden, og då trengs spreiing av kunnskap. Difor har hagelaget skipa til eit informasjonsmøte med ein ekspert. Erling Fløistad frå Bioforsk kjem torsdag til Seljord for å fortelja om korleis ein førebyggjer og kjempar mot brunskogsnigelen.
– Det kom privatpersonar til oss og spurte om me kunne gjera noko, så me stiller opp med informasjon om korleis ein handterer sniglane, seier Gunstensen.
Hagelaget ynskjer også at kommunen blir med på ein «snigledugnad», for brunskogsnigelen trivst også rundt kommunale bygg, leikeplassar, fellesareal og veggrøfter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det hjelper ikkje om éin gjer ein innsats om ikkje alle gjer det, seier hagelagsleiaren.
Fleire kommunar i Noreg har gått aktivt med i kampen mot brunskogsnigelen, som til dømes Fredrikstad som i år deler ut gratis sniglemiddel i to aksjonsveker.
«Krekslig»
Blant hagevekstane finn brunskogsnigelen mange delikatesser. Tagetes er ein favoritt, og byrjar sniglane å eta på den står bare stilken att. Nedfallsfrukt og jordbær er også god mat, saman med georginer. Dei et det meste, og får dei vera i fred tek dei over uteområdet, slik at ein på våte dagar ikkje kan trø på bakken utan å få ein snigel mellom tærne.
Hagelagsleiaren har etterkvart merkt seg ut kva for planter som er mindre populære hos snigelen, men uansett er det utriveleg når hagen blir full.
– Det er så krekslig at dei er overalt, konstaterer ho.
Det er ikkje bare engasjerte hageeigarar som mislikar brunskogsnigelen. Han gjer også skade på jordbruksvekstar som jordbær, grønsaker og gras.
I steinurer og skogane er det vanskeleg å få gjort noko med snigelen, men elles kan førebygging redusere talet på sniglar monaleg, slik som å fjerne kvisthaugar og rot i hagane slik at dei ikkje blir reir for egg til nye sniglar.
– Eg trur aldri me blir kvitt dei, men kanskje kan me bevisstgjere fleire til å ta dei, seier Torstensen.