Mange "heltar" i skirenn
Årets Helterenn hadde nesten like mange løparar på startstreken i år som i rekordåret 2014. 1350 startande var med i år, medan rekorden lyder på 1397.
Flott vêr, fine løyper, 230 dugnadsarbeidarar og 1350 deltakarar var rammene for helgas Helterenn på Rauland.
– Det blei eit fantastisk arrangement, og me registrerer at det var ny deltakarrekord i Familiehelten og i Trimhelten, seier Aud Irene Kittelsen frå arrangøren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho melder også om at det blei sett ny løyperekord i dameklassa, der Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL/Team Veidekke Vest gjekk i mål på tida 2.18,02. Nest beste kvinne blei Marianne Hermansen, IL Rein. Ho blei nummer 64 på tida 2.24,06.
Små marginar i herreklassa
I herreklassa skilde det 34 sekundar mellom fyrstemann og femtemann. Det var Vebjørn Turtveit, Voss IL/Team Veidekke Vest som kom fyrst i mål på det 42 kilometer lange løpet. Han vann spurtoppgjeret mot Gaute Kvåle, Røldal IL/Team Veidekke Vest. Tida til Turtveit var 1.51,18.
På dei tre neste plassane finn me løparar på Team Telemark. Mikael Gunnulfsen, IF Ørn, blei nummer tre, medan Henrik Dønnestad, Gulset IF og Runar Skaug Mathisen, Vinje IL, kom på høvesvis fjerde- og femteplass.
– Me fekk særs gode tilbakemeldingar etter rennet, og det varmar godt. Etter det eg høyrde var det bra med folk ute i løypene som heia fram løparane også, summerer Kittelsen.
– Flott trasé
– Helterennet har ein av dei finaste traseane eg går i løpet av sesongen. Me var elles samde i Team Telemark at det var særs skuffande at me ikkje klarte å hale i land sigeren. Men me må vedgå at me rett og slett ikkje var gode nok, seier Runar Skaug Mathisen til VTB.
Neste store oppgåve for vinbyggen er Birken, og han har sett seg som mål å hamne blant dei 30 beste. Etter ein god sesong er det realistisk.
– Har eg ein god dag er det fullt mogleg, men det er mange gode løparar som er med, og alt må klaffe om eg skal nå målet, seier han.
– Kva med neste års Helterenn?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me må trene hardare eller så må arrangøren berre ha ope for telemarkingar. Det bør auke vinnarsjansen til Team Telemark betrakteleg, ler Mathisen.