Gjeldsrådgjevar Berit Valhovd meiner at tilbodet er godt i Vest-Telemark, men kommunikasjonen i systemet svikta under testen.
Gjeldsrådgjevar Berit Valhovd meiner at tilbodet er godt i Vest-Telemark, men kommunikasjonen i systemet svikta under testen.

Manglar informasjon om gjeldsrådgjeving

Forbrukarrådet har gjennomført ein test av korleis gjeldsrådgjevingstenesta fungerar i alle kommunane i Noreg. Resultata blei ikkje gode for kommunane i Vest-Telemark, men gjeldsrådgjevar Berit Valhovd meiner at tilbodet er godt.

Kommunane er plikta til å gje innbyggarane sine tilbod om gjeldsrådgjeving. Sosialtenesta, som økonomisk rådgjeving kjem inn under, er framleis ei kommunal oppgåve. I dei fleste kommunane i Noreg er sosialtenesta no koordinera saman med dei andre tenestene for arbeidsformidling og trygd i Nav. I Vest-Telemark er kontoret til gjeldsrådgjevaren lagt til Nav.

Få poeng i testen

Den kommunen i Vest-Telemark som fekk best poengsum i denne testen var Kviteseid med 27 poeng. Det blir likevel ikkje så mykje når den høgaste poengsummen ein kunne få var 100. Dårlegast ut kjem Nissedal med null poeng. Det dårlege resultatet for kommunane forklarar Berit Valhovd med dårleg kommunikasjon og dårlege nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her i Vest-Telemark var det berre tre av seks kommunar som svara på ein e-post frå ein «liksom-person» laga av forbrukarrådet der denne personen spurde etter hjelp til løysing av gjeldsproblema sine. Likeeins gav ikkje kommunane sine heimesider god nok eller ingen informasjon til innbyggarane om tenestene. E-posten kom inn til kommunanes tenestetorg og berre tre kommunar sendte e-posten vidare til meg. For desse kommunane fekk eg gje eit raskt svar til personen, men dei tre andre gav aldri svar. Det slo kraftig ut på poengskalaen, seier Berit Valhovd.

Vinje var ein av dei kommunane som sendte tilbake kontaktinformasjon, men fyrste e-posten til forbrukarrådets testperson blei sendt over utan mailadresse til gjeldsrådgjevaren. Det førte til at servicedelen på e-post blei klassifisera som dårleg i denne testen.

Interkommunalt samarbeid

Gjeldsrådgjevinga i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom alle kommunane. Ei fast stilling på 60 prosent blir betala av kommunane etter ei fordeling i forhold til innbyggartalet. Berit Valhovd er utdanna økonom, og er tilsett i denne stillinga. Ho meiner tilbodet er godt.

– Me har eit godt tilbod til økonomi- og gjeldsrådgjeving. Ved at tenesta er knytt til både kommunen og Nav får me raskt tilgang på hjelpetenester og fagkunnskap. Ein økonom er ikkje eit orakel, men må ha mange gode hjelparar. Saman med det offentlege har me òg god hjelp frå dei lokale bankane. I det daglege fungerar dette svært godt, men i dette tilfellet har ikkje bandet mellom det kommunale mottaksapparatet og tenesta vore tett nok. Det er for dårleg, men me er i gang med å betre informasjonen. Snart vil ein kunne finne gjeldsrådgjeving som ein link under tenestetilbodet på kommunane sine heimesider, seier Berit Valhovd.

Farlege kredittkort

Til no i år har gjeldsrådgjevaren starta arbeidet med 33 saker. Sidan stillinga kom i gang har det blitt omtrent 150 saker. Talet på saker er stadig aukande, men økonomen vil ikkje legge skulda berre på finanskrisa.

– Finanskrisa har nok skapt ein del problem. Særleg møtte ein stengte dørar hos bankane den fyrste tida, men det har retta seg no. Det er eit anna medvit rundt økonomi hos kvar einskild no, og eg trur folk tenkjer meir over forbruket sitt. Økonomien har blitt viktig og det er positivt. Det er viktig at ein kjem inn til rådgjeving tidleg, slik at ein kan

ta tak i problemet før det blir for ille. Ein ser ein klar auke i gjeldsproblem på grunn av kredittkort, og det ser ut til å vera det største problemet no, seier Berit Valhovd.

For å få gjeldsrådgjeving kan ein ta kontakt med Nav-kontoret i heimkommunen.