Manipulerer naturen for å kartleggje klima
Storgama-området i Treungen er aleine i Noreg om å ha eit forskingsprosjekt som omhandlar det naturlege økosystemet. 20 forskarar er knytt til prosjektet der fleire felt blir manipulert for å finne verknadene av klimaendringar. Dermed kan ein lettare setje i gang tilpassingstiltak i naturen. Me er uroa for at klimaendringar vil løyse ut ein del av nitrogenet i jorda. Då vil ein få store forandringar i vatn som kan bli surare, og kyststrøka kan få oppblomstring av algar, seier Arne O. Stuanes, professor ved Norges landbrukshøgskole, institutt for plante- og miljøvitenskap og leiar for klimaprosjektet.
20 forskarar frå Norges landbrukshøgskole, Norsk institutt for vannforsking, Norsk institutt for luftforsking, Norsk institutt for jord- og skogkartlegging og Folkehelseinstituttet er knytt til eit forskingsprosjekt i Storgama der effekten av klimaendringar blir målt. Ein skal studere korleis klimaendringar påverkar tilførsel og utvasking av nitrogen, og utvasking av karbon.
Nettopp slike hei-område som Storgama har problem med å halde på nitrogen, i motsetnad til skogområde. 70 prosent av landarealet i Noreg er fjell og hei. Desse områda er årsaka til mykje av den totale avrenninga etter nedbøren. Me er litt bekymra for at klimaendringar vil gjere at ein del av nitrogenet i jorda blir løyst ut. Dermed vil ein få store forandringar i vatn som kan bli surare, og kyststrøka kan få oppblomstring av algar. Ved å manipulere felt i Storgama vil me få ein basis på kva som skjer i større felt, fortel professor Arne O. Stuanes, leiar for klimaprosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterliknar klimaeffektar
I staden for å vente og sjå kva som blir resultatet av eventuelle klimaendringar, vel ein i prosjektet å gå inn og etterlikne klimaeffektar. Det blir gjort tri ulike manipuleringar i små område i Storgama for å finne raskare svar på det som kan kome til å skje i naturen. Manipuleringa skal provosere fram resultat naturen sjølv ville bruke år på å lage.
I forskingsprosjektet er det viktig å ha valt ut område som representerer økosystemet i heiane. I den eine manipuleringa er to småområde på nokre titals kvadratmeter isolert med isolasjonsmatter for å etterlikne stabilt snødekke. På to andre område vil ein manuelt fjerne snøen som kjem. På den måten blir det etterlikna ein snøfattig vinter som kan bli resultatet av ei klimaendring. I den tredje manipuleringa blir det tilført meir vatn på hausten i nokre felt. Dette for å etterlikne ei auka nedbørmengde om hausten slik det er vist at det kan bli ut frå modellar.
Det fine med forskingsprosjektet i Storgama er at me trur me får etablert robuste tilnærmingar, seier Stuanes.
Blir avslutta i 2007
Det er alt lagt til rette for å samle opp vatn frå forskingsfelta og analysere det. Følarar som ligg i bakken måler temperaturen og det blir tatt jordprøver. I tillegg blir luftsamansetjinga målt, og ein fører kontroll med det som kjem ovanfrå i form av nedbørmålar. Solcellepanel og dataloggar er etablert i felta. Per Øyvind Stokstad frå Treungen har hatt mykje ansvar med å måle vasskvaliteten i området opp gjennom åra, og er engasjert til å ha lokalt tilsyn i forskingsområdet ein gong i veka.
Området i Storgama er aleine i Noreg om å ha eit forskingsprosjekt som omhandlar det naturlege økosystemet. Det er knappe midlar til forsking, og eg er derfor veldig glad for at me fekk til prosjektet. Det held på til 2007, då skal alt utstyret ned att frå heia. Eg er veldig interessert i at hytteeigarar og andre som fram til då brukar området skal få eit eigarforhold til prosjektet, men at dei ikkje går inn i dei merka felta, avsluttar Stuanes.
Resultatet av prosjektet fører til at ein raskare kan lage prognosar over kva som vil skje i naturen på grunn av klimaendringar som måtte kome.
Overvaka frå 1974
Då forskinga på sur nedbør starta, vart det valt ut ein del område som blei overvaka. Eitt av desse var Storgama på Treungen-sida av Gautefallheia. Frå 1974 er nedbør og vasskvaliteten målt i området. Sjølve prosjektet om sur nedbør blei avslutta i 1980, men eit overvakingsprogram sytte for at ein også etter den tid kunne fylgje med på kva som skjedde med vasskvaliteten i naturområdet.
Overvakinga av nedbøren viser at svovelutsleppa nå er redusert med over det halve frå forskinga starta. Mykje skuldast utanlandske fabrikkar som har fått reinseanlegg eller blitt lagt ned.