Mann skada i arbeidsulykke i Kviteseid
Kvart på ni i dag fekk politiet ei melding om at ein mann skal ha kome i klem bak ein søppelbil i Kviteseid. Det skal vera snakk om ei arbeidsulykke.
Den skada mannen blei teken med til legekontoret, og så vidare i ambulanse til sjukehuset i Skien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politipatruljen etterforskar saka, og arbeidstilsynet er varsla.