«Marie Claire» er klar
Dalen Hotel har leigd eigen båt som skal frakte turistar til og frå Dalen i sommar. Frå 3. juli set MY «Marie Claire» ut på daglege siglingar frå Dalen til Lunde med retur på ettermiddagen.
Som fylgje av at MS «Victoria» ikkje går til Dalen kvar dag, undersøkte Dalen Hotel om det var mogleg å leige inn eigen båt for å ha daglege siglingar til Dalen. Etter å ha sjekka marknaden, blei det klart at det let seg gjere å leige båt. Og då var det konsesjon for å segle som mangla.
Skryt til fylkeskommunen
Eg må kyte av Telemark fylkeskommune som snudde seg raskt rundt i denne saka. Dei har vore veldig samarbeidsviljuge, og det er tydeleg at dei også ser kor viktig det er å behalde trafikken langs heile kanalen, seier hotelldirektør Christin Normann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Konsesjonen varer i 10 år, og gjeld for heile Telemarkskanalen. No blir båten, som er ein klassisk gentlemansyacht, sett i rute frå og med 3. juli. Båten kjem opphavleg frå Durban i Sør-Afrika, men har gått i turisttrafikk i Oslofjorden dei siste åra.
Båten har ein kapasitet på 30 personar, og det vil også vere mogleg å leige båten på kveldstid. Det bør vere aktuelt for mindre selskap, og me har alle rettigheitar om bord, smiler Normann.
Korresponderar
MY «Marie Claire» vil korrespondere både med MS «Telemarken» som kjem frå Norsjø og MS «Victoria» som kjem frå Skien kvar dag.
Som me har påpeika heile tida er det totaltilbodet som er viktig for oss og kundane. Dei ynskjer ei totaloppleving, og det er me glade for at me no kan tilby. Det er klart at det kostar oss mykje i kroner og øre å leige båten, men me og eigaren vår, Thor Morten Halvorsen, har tru på dette, smiler Normann.
Spenstig initiativ
Halvorsen har teke dette initiativet, og det må seiast å vere spenstig gjort. Leigeavtala for båten gjeld i to månader og går ut 9. august. For hotelldirektøren blir det spanande tider framover.
Me ser fram til å kome i gang, og som sagt har me stor tru på dette prosjektet. Til hausten må me sjølvsagt evaluere sommaren, og då kan me sjå om det er grunnlag for å halde fram med eigen båt, seier Normann.
Oppmoding til Gjerde
Så langt i år har småbåttrafikken gått merkbart ned, og hotelldirektøren har lyst til å kaste eit blikk til Nils Gjerde som sit i regionstyret for Telemarkskanalen.
Eg skulle ynskjer at båthamna på Dalen kunne rustast opp slik at ho blei meir småbåtvenleg, er oppmodinga ho sender Gjerde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Motoryachten «Marie Claire» er leigd med mannskap, og dei fleste av mannskapet er andelseigarar i båten.
Me gler oss til å kome i gang. Eg får vere kaptein på hotellet så får mannskapet ta seg «Marie Claire», avsluttar ein optimistisk og opprømt hotelldirektør.