Marken med god utnytting av Sundkilen
Sjølv om det ikkje blei tråvløp på årets Kviteseidmarken, blei Sundkilen godt nytta til anna aktivitet som isbading, isfiske for 200 unge og turar med hest og slede.
Både fredag og laurdag under årets marken inviterte Kviteseid Rørhandel folk til å ta seg eit gørrkaldt bad i eit oppskåre hol i isen på Sundkilen. Innslaget skjedde i kontrollerte formar, og ein av våghalsane blei trekt ut til å stikke av med ein byggvarmar som premie for deltakinga.
Klokka er 13.00 fredag og like ved badeholet står ein påkledd Morten Lie. Men snart står han der bare i badebukse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kvifor vil du bade?
– For å vere den fyrste uti, og ikkje noko anna, svarar han med eit smil.
– Har du isbada før?
– Nei. Trur du ikkje dette går bra då? seier Lie, utan å få svar anna enn eit lite nikk.
Lie står klar i stigen og plutseleg hoppar han, og det med sydvest på. Han forsvinn med heile kroppen under vasskorpa, og etterlet seg eit hav av bobler før våghalsen er oppe att ved iskanten.
– Det var friskt, seier Lie, framleis med eit smil på lur.
Totalt var det 14 personar som tok utfordringa med å bade på markensdagane. Vinnar av byggvarmaren blei Gaute Magnushommen. Andrepremien, ein høgtrykksvaskar, gjekk til Lydia Kok, og Morten Lie fekk tredjepremien, ein støvsugar.
Drog bra
Kviteseid jeger og fiskerforening arrangerte fredag isfiske for tiande gong på marken, og hadde invitert alle barnehagane og skulane i kommunen til å vere med. Rundt 200 unge frå Brunkeberg barnehage, Kviteseid barnehage og Kviteseid skule var samla på Sundkilen midt på dagen for å prøve fiskelykka med pilkestong.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åttandeklassingen Tone Berge sit konsentrert og fylgjer med på pilkestonga og det vesle holet som er bora i isen. Like ved henne ligg det tre fiskar av ulik storleik, og den største kan faktisk vere kandidat til steikepanna.
– Eg fekk dei tre fiskane like etter kvarandre. Det var moro då den fyrste beit på. Den største auren drog bra, og eg lurte litt då. Men det gjekk greitt å få han opp, seier Berge.
Ho likar å vere med på isfiske.
– Eg skal halde på til det er slutt i dag, seier eleven med eit smil.
Godt å hjelpe
I eit telt laurdag står Perugjengen, fire jenter frå sjuande- og niandeklasse. Dei sel bollar og muffins, og lodd der gevinstane er gjeve frå butikkar i nærområdet.
– Inntektene går til folk på gata i Peru slik at dei får hjelp til å kome seg vidare. Innsatsen me gjer er friviljug, og det er moro å hjelpe folk som ikkje har det så bra. Det kjennest godt å hjelpe, seier Perugjengen, som håpar å få inn totalt 2500 kroner på innslaget.
Fornøgd
– Arrangementet blei litt prega av at me måtte droppe tråvløpet, som er ein viktig del av marken. Elles gjekk det bra og det var flott vêr. Det var jamn straum av folk til fotoutstillinga på biblioteket, og fullt på bygdekvelden fredag. Vidare var det veldig populært å ha seg ein sledetur på isen, det var bra trafikk i butikkane og næringshagen hadde mykje besøk, oppsummerar Gunnar Ruud frå marknadskomiteen til Kviteseid næringslag.
Ein måtte avlyse det tradisjonsrike tråvløpet i år, på grunn av at isen ikkje var tjukk nok til ein slikt arrangement.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ruud seier dette om talet på salsboder i år:
– Det går litt opp og ned, og det kan vere tråvløpet dempa litt på talet på boder. Me vil jobbe med å få fleire boder framover.