– Me plukka 300 kilo eple og bruka ei veke på det som blei pressa til denne eplemosten, fortel kremmarane Tor (12), Marie (10,5) og Ørjan (6,5 år) Bjålid frå Flatdal.
– Me plukka 300 kilo eple og bruka ei veke på det som blei pressa til denne eplemosten, fortel kremmarane Tor (12), Marie (10,5) og Ørjan (6,5 år) Bjålid frå Flatdal.

Marknad med joleglade kremmarar

Den 10 år gamle jolemarknaden i Seljord samla 2 900 gjester denne helga. 95 utstillarar freista gjestene med alt frå eplemost og rakfisk til designtøy og krydder.

For tiande gong blei det arrangert jolemarknad på Dyrskuplassen. Gode, gamle tradisjonar både av mat og handverk blei blanda med jolegåvetilbod både til stor og liten.

Arrangementansvarleg, Knut Inge Brekka Skoland, var godt nøgd med 2 900 besøkande innanfor portane i løpet av helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Besøkstalet er om lag som i fjor, men talet på utstillarar har auka med 15 utstillarar til 95 totalt. Med fleire utstillarar på plassen blir det meir intimt på marknaden, og seljarane melde også om at dei var nøgde med salet, seier Brekka Skoland.

Tilbod for dei yngste

Dei yngste gjestene hadde ei mengde tilbod å ta seg til. I andrehøgda på husdyrhallen var elevar frå folkehøgskulen klare til å ta imot gjester som ynskte å få andletet måla som ein harepus eller ein skummel sjørøvar, medan peparkakene barna baka blei stekt i omnen.

Det var også høve til mellom anna å fiske lykkepose, ri på ponni, støype tinnfigurar, køyre med hest og vogn og vere med på joleverkstad eller møte nissemor på marknaden.

Den nye innandørsbanen for radiostyrte bilar var også populær.

– Då marknaden opna var det 4–5 som hadde bilar å køyre med. I løpet av helga var det 25–30 bilar på banen. Dette såg ut til å vere mest populært for ungdom i 12–13-årsalderen, seier Brekka Skoland.

Epleplukkarar

Inne i husdyrhallen var det Dyrsku-stemning. Ein gjekk i kø for å få ein kikk hos dei ulike kremmarane.

Dei tri syskena Ørjan, Marie og Tor Bjålid selde heimelaga eplemost som dei stolt kunne fortelje at dei hadde gjort ein solid jobb med.

– Me plukka eple i ei heil veke. Me måtte ha 300 kilo eple for å presse dei til saft, seier Tor Bjålid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er ikkje heilt ferske i kremmarfaget, trass i sin unge alder.

– Me selde her i fjor også, smiler yngstemann Ørjan, og viser fram eit miniskateboard han har handla seg på jolemarknaden, etter at han avslører at dei får litt av pengane som kjem inn på eplesaftsalet.

Kreative

Hos Kviteseid bok og papir møter me kviteseidjenta Kari Smeland. Ho signerer helsingar i barneboka ho gav ut tidlegare i år. «Familien Kråkestup og nyset i nabohuset» har hausta gode kritikkar og fleire nytta høvet til å sikre seg boka som jolegåve under marknaden.

I neste gate finn me fleire kreative og dyktige jenter frå Kviteseid. Her held Elisabeth Haugo og Bibbi Omtveit til med klede, teikningar og kosedyr.

Elisabeth Haugo har utvikla Kviteseid-designet «Adam og ella» der ho mellom anna saumar flotte barneklede. Haugo har jobba med saum lenge, men nå ynskjer ho å få produkta sine ut på marknaden.

Bibbi Omtveit lagar gjenstandar i strikketeknikk, og har fantasifulle og detaljrike teikningar med på messa.

Nytt samarbeid

Ute i fjoset er aktiviteten stor. Handelen går i nissar, pyntegjenstandar, rakefisk og kling. Nissekledde jenter og gutar frå Tusseleiken dansar til hardingfeletonar og samlar mange skuelystne.

Nytt av året er standen til Seljord jakt og fiskelag og det nyetablerte Barnas turlag i Seljord. Dei aktiviserer barna med pølsegrilling og bålkos, og lokkar kalde små inn i den varme lavvoen til quiz og spikking.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Barnas turlag blei etablert under Telemark turistforening i haust og me har til nå lagt planar om to turar. 10. februar vil me på pilketur på Flatsjø og 17. mars går turen til Blika i Flatdal, fortel Yvonne Eilefstjønn frå Barnas turlag.