Marknad som slo til
Er det nokon gong ein kan seie at brukt- og delemarknaden i Seljord slo igjennom, må det vere i år. Det kom ein god del fleire folk i år enn i fjor. Dessutan blei det også både utstillar- og campingrekord.
180 utstillarar var til stades laurdag under den årlege brukt og delemarknaden på Dyrskuplassen i Seljord. Det er 35 salsbuer fleire enn i fjor. Og med 3.040 betalande innafor portane, steig talet med 750 frå 2007. Dessutan nytta over 80 bueiningar seg av campingen på plassen, og det er nesten ei dobling frå året før.
Brukt- og delemarknaden blei rekord på alle måtar. Sjølvsagt gjorde vêret ein del, men marknaden byrjar også å bli innarbeidd blant folk. Me er veldig godt nøgde med arrangementet som har fått ei fin utvikling. Marknaden har kome for å bli, slår Marit Mæland i Dyrsku´n arrangement fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den andre av arrangørane, Vest-Telemark Motorhistoriske klubb, kan også seie seg nøgde. Heile 53 veterankøyretøy var med på utstillinga.
Ikkje til sals
Ein av dei som stilte opp med veterandoningar, var Arve Grinaker frå Seljord. Han stilte ut to 1956-modellar av typen Tempo og ein Ifa frå 1953.
Eg har alt for mykje. Du skjønar at det er ein mani. Det har kosta meg ein del, men eg føler verdien står der når eg er ferdig med arbeidet, seier Grinaker.
Han kjøpte mopedane av ein eigar i 1989, og brukar dei alle i løpet av sommaren. Mopedane brukar så lite bensin at ein tank held nesten heile sesongen.
I fjor var eg til Dalen på Tempo-treff. Men ned dei bakkane, og fy det var lang tur. Men så moro, hugsar Grinaker.
Og ingen av desse er til sals, kjem det ein kar bort og spør Grinaker plutseleg.
Nei, eg har tri gutungar eg tenkte eg skulle gje dei til, svarar eigaren.
Han fortel at mange masar om å kjøpe av han, men han er ikkje freista til å selje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvifor skulle eg vere det? Etter eit sal ser eg Tempoen att etter eit år skikkeleg herpa. Då ville eg grine, seier Grinaker.
Populær stand
Bent Slåtta frå Tuddal slo skikkeleg an med standen sin. Mange var innom for å sikre seg diverse ting til 10, 20 eller 30 kroner. Eller ein kunne fylle bereposen og betale 80 kroner.
Dette er noko oppryddingsgreier. Eg har mykje heime og har arva litt og slikt. Marknaden er ein lagleg dag å bli kvitt ting. Folk har bruk for litt forskjellig. Å kome med slike ting som dette slår an kvart år. Her kan folk finne alt mogleg rart, smiler Slåtta.
Han kom fredag kveld og måtte sjølvsagt ha med seg ei overnatting før kremmaren var i full gang.
Eg kosar meg veldig her, å ja. Og så mykje folk som er innom her. Dessutan kjem somme att fleire gonger i løpet av dagen, fortel seljaren.
Han er overraska over interessa for tinga han sel, men trur den låge prisen gjer utslaget.
Eg trur nok eg har nokre skattar her, men det får folk finne ut av sjølve. Då er kunnskap makt, eg sel ting som det er. Finn folk skattar her, er eg heilt sikker på at eg ikkje får greie på det, humrar Slåtta, og må ta seg av endå ein kunde.
Joleftan nummer to
Kviteseidingen Nils Ettestad er skikkeleg i farta og djupt konsentrert der han leitar etter gamle plater på standen til ein kar frå Grimstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg kjem til å bruke nokre timar her i dag. Dette er joleftan nummer to for meg, smiler Ettestad.
Heime har han fleire tusen plater.
Kjøper eg 20 lp-ar her, har eg fire av dei heime som eg ikkje veit om, humrar den interesserte samlaren.
Kva skal du ha for denne kassetten, spør plutseleg ein kjøpar han.
Nei det er ikkje eg, men eg skulle gjerne ha vore salsmann, svarar Ettestad.
Det er miljøet og alt saman som er viktig på marknaden. Her er ein sabla fin gjeng, avsluttar Ettestad, klar til endå fleire dykk i eit hav av plater.
Magnetisk
Ved ein av standane står seljordjentene Marianne Bakkan (12) og Anine Thunberg (13) og sel saker og ting.
Me nyttar dagen til å bli kvitt ting me ikkje har bruk for lenger. Hadde me ikkje gjort dette, ville tinga blitt kasta eller gjeve vekk, seier dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då VTB snakka med dei, var båe nøgde med salet til å vere så tidleg på dagen som det var.
Jakob Meland frå Hovland i Hardanger legg ein røystelapp ned i ein pappask ved der alle veterankøyretøya står utstilt.
Eg røysta på ein bil der borte ein stad, men det er hemmeleg val, smiler han.
Nei då, du kan godt få greie på det. Favorittbilen måtte bli ein amerikanar. Eg røysta på ein Packard 1937-modell, held han fram.
Bilen tilhøyrer seljordingen Åsmund Bringsås, og det skulle vise seg at det var han som fekk flest røyster for finaste køyretøy.
Meland fortel elles at det er noko magnetisk med slike marknader som dette. Han må bare ha det med seg.
Her er mykje rusta jern å ta i. Og så ser eg litt på kvinnfolka, eg ville ikkje ha vore frisk utan det. Det er sosialt på marknaden, og mange av dei same folka går att. Eg treffer dei her, eller på marknader på Austlandet og rundt omkring, seier ein nøgd langvegsfarande frå Hardanger.