Pernille Skjævestad Stephensen set pris på det daglege besøket utanfor butikken, og særleg etter at den kvite anda dukka opp.
Pernille Skjævestad Stephensen set pris på det daglege besøket utanfor butikken, og særleg etter at den kvite anda dukka opp.

Matmor fekk uventa besøk

I årevis har blomsterbutikkeigar Pernille Skjævestad Stephensen i Treungen mata opptil 33 ender dagleg. Fyrste arbeidsdagen i år kom det flygande ein gjest matmor aldri har sett før.

Pernille Skjævestad Stephensen har hatt mange ulike flokkar med ender på besøk sidan ho overtok Tveitsund blomar og gåver i august 2010.

– Dei kom her og ville ha mat, og eg var så dum at eg gav dei brød, seier ho med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

På det meste har det vore 33 ender ved butikken. Spar i Treungen gjev frå seg gamle brød som blir kjærkomen kost for endene.

– Dei kjem på same tid kvar dag. Endene står utanfor og trippar når eg opnar butikken klokka 9.30. Dei kan klokka, trur eg, seier Skjævestad Stephensen.

Ein dag ho hadde gløymd å lukke butikkdøra, stod plutseleg to ender med kvar sine fire ungar inne i lokalet.

– Eg fekk dei ut att ved å ta brød i handa og gå føre dei ut, humrar Skjævestad Stephensen.

Triveleg innslag

Kvar einaste arbeidsdag og også ein sundag av og til, får endene brød rett utanfor butikken.

– Dei fleste kundane mine synest det er veldig gildt med endene, medan somme andre ikkje er så begeistra. Eg synest det er eit veldig triveleg innslag, spesielt då det dukka opp ei kvit and andre nyttårsdag, seier Skjævestad Stephensen.

Den dagen såg ho plutseleg noko som ikkje passa heilt inn i den vanlege flokken. Ei kvit and hadde også lyst på mat, og matmor undrar på kva type det er snakk om som no utmerkar seg ved butikken.

Då VTB skulle prøve å ta bilde av den sjeldne gjesten, var han sjølvsagt ikkje der. Skjævestad Stephensen visste råd og fann fram brød. Det verka som den kvite anda merka det, og kom flygande straks etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tøft, seier butikkeigaren om den raske reaksjonen frå anda som ikkje kunne ha sett maten frå der ho starta flyturen.

– Eg er matmor til mange. No står eg her og skjer opp brød att, seier Skjævestad Stephensen, i det ho ender opp med nok eit måltid til svoltne og faste gjester.

VTB har kontakta Universitet for miljø- og biovitenskap på Ås. Der jobbar Svein Dale ved Institutt for naturforvaltning.

– Dette må vere ei tamform av stokkand som har kome frå fangenskap, meiner han.