Fyrste og andre klasse på skulen i Treungen var mellom anna innom kunstkafeen med utstillingar.
Fyrste og andre klasse på skulen i Treungen var mellom anna innom kunstkafeen med utstillingar.

Matte, kunst og sport på timeplanen

Eit par dagar før ferien starta fekk alle elevane på skulen i Treungen vere med på eit opplegg som verkeleg fall i smak.

Den annleis skuledagen starta med at elevane frå 1. til 9. klasse blei delt inn i grupper og skulle vere 20 minuttar på kvar stasjon dei kom innom på området der mellomsteget og ungdomsskulen held til.

Alle elevane på skulen i Treungen hadde gjennom skuleåret hatt faget kunst og handverk. I dette faget var tiandeklassingane med på eit sjølvvalt prosjekt frå nyttår til juni, og resultatet var eit breitt spekter av ulike ting som hadde blitt laga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ha aktivitetar saman

Arbeidet til alle elevane frå 1. til 10. klasse blei samla i eit skulelokale til ei stor utstilling i ein kunstkafé med noko å bite i og drikke.

På dei neste stasjonane var det mellom anna uteaktivitet der ein skulle lage modellfly og sjå kven som kunne sende det lengst. I fleirbrukshallen, eller det som på skulen heiter gymsalen, skulle elevane gjennom ei Tarzan-løype. I eitt av klasseroma fekk dei prøve seg på matteoppgåver.

– Det er gildt når elevane har aktivitetar saman, dei blir betre kjent og kan vise fram kva som har blitt jobba med, seie rektor Reidun Carol Retterholt om meininga med dagen.

Hopptalent

Medan dei ni klassene bruka ein del av føremiddagen på stasjonane, var tiandeklasse på idrettsbanen for å klargjere til idrettsdag for alle elevane siste del av skuledagen. Øvingane var mellom anna å kaste ball, springe 60-meteren, stafett og lengdehopp.

Noah Solli frå 3. klasse har akkurat gjennomført eit langt ballkast, og ser fram til neste oppgåve.

– Eg er snart klart for 60-meteren, og det er det gildaste å vere med på her, seier han, og nikkar stadfestande på spørsmålet om dette er ein artig skuledag.

Signe Håtveit (7. klasse) og Siv Tveiten (5. klasse) sprang i par på 60-meteren.

– Slitsamt og moro, seier Håtveit om øvinga. Ho gler seg mest til stafetten seinare på dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var tungt å springe, seier Tveiten, som likevel ser fram til stafetten.

– Skuledagen har vore veldig gøy, men det gildaste er å vere her på idrettsbanen, fortset ho.

Eit stykke unna er lengdehoppinga i full gang. Niandeklassingen Olav Aursland driv ikkje med slik sport til vanleg, men oppnådde denne dagen ei lengde på heile 480 centimeter.

– Dette er ein fin dag og den beste skuledagen ein kan ha, smiler Aursland.