Neste månad blir det truleg avgjort om Mattilsynet vel å leggje ned kontoret i Bø eller Seljord. - Sommaren 2016 blei det bestemt at det berre skal vere eitt kontor i Øvre Telemark, sa avdelingsleiar i Mattilsynet, Jan Egil Aronsen.
Neste månad blir det truleg avgjort om Mattilsynet vel å leggje ned kontoret i Bø eller Seljord. - Sommaren 2016 blei det bestemt at det berre skal vere eitt kontor i Øvre Telemark, sa avdelingsleiar i Mattilsynet, Jan Egil Aronsen.

Mattilsynet kuttar anten Bø eller Seljord

I byrjinga av mars avgjer Mattilsynet kontorstrukturen i Øvre Telemark. Dagens kontor i Bø og Seljord blir slegne saman, og argumenta er gode for at det fortsatt bør liggje i Seljord.

Bakgrunnen for at Mattilsynet byrja å sjå på ei samanslåing av kontora i Bø og Seljord var i utgangspunktet eit ynske om eit sterkare fagmiljø, ifylgje avdelingssjef, Jan Egil Aronsen.

– No har me på toppen fått beskjed om store innsparingar. I juni 2016 bestemte administrerande direktør i Mattilsynet, Harald Gjein, å leggje til rette for eitt kontor i Øvre Telemark, sa Aronsen på tysdagens møte i Vest-Telemarkrådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort veg

Han presenterte arbeidet som er gjort av ei arbeidsgruppe som mellom anna består av tilsette ved dei to kontora.

– Til slutt er det regiondirektøren som avgjer plasseringa av kontoret. Per i dag kan eg ikkje seie noko om kva lei pila peikar. Viktige moment vil vere effektivitet, og det vil me få med korte avstandar til tilsynsobjekta - dyrehald og næringsverksemder - me skal ha kontroll med, sa Aronsen.

I dei utgreiingane som ligg føre går det fram at 65 prosent av tilsynsobjekta ligg nærare Seljord enn Bø.

– Det er etter måten stort dyrehald og mange turistverksemder i Vest-Telemark. Det vil også liggje til grunn ei totalvurdering av eigna stad når valet om lokalisering blir gjort. Det vil også bli sett på kvar kontoret bør liggje i høve til kontoret me har i Grenland i dag. Me har kontor i Porsgrunn, og dersom det blir endring der, kan det få fylgjer for plasseringa lenger vest, forklarte avdelingssjefen.

Gode argument for Seljord

Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, presenterte argumenta for å behalde kontoret i Vest-Telemark.

– Eg vonar dette vil gjere deg sikrare på valet, smilte han til Aronsen.

– Geografisk sett ligg Seljord sentralt. Som du seier så dekker me nesten to tredelar av tilsynsobjekta. Me har eit aktivt landbruk i Vest-Telemark, og me har eit stabilt tal i dyrehaldet. Det er kanskje ikkje like mange einingar som før, men talet på dyr held seg likevel. Me har også Dyrsku’n som er eit lokomotiv i denne samanhengen, og eg veit at me har rimelegare husleige på næringsbygg enn det Bø har, fortalte Haugan.

Viktig for Vest-Telemark

Jon Rikard Kleven, regionordførar, meiner det er viktig at Mattilsynet blir verande i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei særs viktig sak for heile regionen. Vest-Telemark dekker halve fylket i reiseavstandar, sa han.

Haugan trekte også fram fagmiljø som Sweco og Norconsult, som båe kan vere aktuelle for Mattilsynet å samarbeide med på enkelte felt.

– Me treng statlege arbeidsplassar i Vest-Telemark, avslutta Halfdan Haugan.

Jarand Felland, ordførar i Tokke, slo fast at kontoret i Seljord er tilsynskontor, medan Bø-kontoret er meir eit byråkratikontor.

– Ved flytting av Seljord-kontoret vil ein bryte opp fagmiljøet. Flyttar ein Bø-kontoret til Seljord vil ein få motsett effekt, nemleg ei styrking av fagmiljøet, slo Felland fast.

– Prosessen har vore ryddig så langt, og eg vedgår at det er mange gode argument for å behalde kontoret i Seljord. Som sagt er det regiondirektøren som har det avgjerande ordet i saka. Me håpa å ha innstillinga i saka klar til 1. mars, men etter at me no har fått ytterlegare innsparingskrav på 25 millionar kroner kan det nok ta litt meir tid, avslutta Aronsen.