Me blir stadig færre, men i Vinje er trenden positiv
Det har blitt 39 fleire vinbyggjar i løpet av det siste åra, men for dei fem andre kommunane er det minus samanlikna med same tid i fjor.
Ved utgangen av september var me 14 077 vesttelar. Det er elleve færre enn førre gong Statistisk sentralbyrå presenterte folketala (ved utgangen av mai) og 58 færre enn det var ved utgangen av september 2017.
Vinje kan gle seg mest over utviklinga. Folketalet er no 3737, det er 39 fleire enn for eitt år sidan. Ein må tilbake til 2005 for å finne eit høgare innbyggjartal i kommunen (3758).
Artikkelen held fram under annonsen.
Og neste år kan det plussen bli endå større
I Kviteseid kommune har folketalsutviklinga vore negativ over tid. I løpet av dei siste ti åra har det blitt 166 færre innbyggjarar i kommunen. Også trenden for det siste året er negativ (minus 25), men om ein ser bak tala kan det tyde på at ting er i ferd med å snu. Det er til dømes fleire innbyggjarar enn det var registrert ved årsskiftet.
I prosent er nedgangen størst i Fyresdal siste året, 26 færre innbyggjarar er ein nedgang på 2 prosent.
Også i Telemark fylke er folketalsutviklinga negativ. Me har blitt 61 færre innbyggjarar i løpet av det siste året. Det er berre Telemark, Sogn og Fjordane og Finnmark som har nedgang i folketalet i Noreg.
30.9 2017 30.9 2018 Endring
Seljord 2954 2922 -32
Kviteseid 2433 2408 -25
Nissedal 1485 1478 -7
Fyresdal 1330 1304 -26
Tokke 2235 2228 -7
Vinje 3698 3737 39
Totalt 14135 14077 -58