Birk (12) og Ine Svendsen (14), Mieke van Tunen (15) og Helene Dahle (14, t.h.) har det veldig moro i 4H, og vil at mange andre også skal få vere med på den trivelege aktiviteten.
Birk (12) og Ine Svendsen (14), Mieke van Tunen (15) og Helene Dahle (14, t.h.) har det veldig moro i 4H, og vil at mange andre også skal få vere med på den trivelege aktiviteten.

«Me får nye venner, lærer mykje og utviklar ein personlegdom»

I nedskjeringstider for 4H sentralt oppmodar styret i den lokale klubben i Nissedal unge til å bli med i eit triveleg miljø med mange positive aktivitetar.

Trenissen 4H i Nissedal kommune har 16 medlemer. Ine Svendsen (14) er leiar for styret der også broren Birk (12), Mieke van Tunen (15) og Helene Dahle (14) er med. Dei har fått med seg at den friviljuge organisasjonen ikkje lenger får ha gratis kontorplass hos Fylkesmannen. Stillingar som dagleg leiar i 4H-fylke forsvinn når mellom anna Telemark, Buskerud og Vestfold blir slått saman til éin 4H-region. Dagleg leiar Gry Hovland i Telemark mistar dermed jobben.

– Det er dumt for klubbane, og det er nokon av dei som ikkje klarer seg utan hjelp frå fylket. Klubbar kan kome til å bli lagt ned. Men me trur ikkje det er nokon fare for Trenissen, som har entusiastiske medlemer, seier styrekvartetten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka om nedskjeringar blei diskutert på årsmøtet til 4H Telemark. I endra tider som kjem fann ungdomane ut at det definitivt er ein fordel å vere mange og sterke framover. Derfor kjem dei no med ei oppmoding til andre unge om å bli med i 4H.

– Me vil inspirere fleire til å vere med i organisasjonen, og mange ville glidd fint inn i miljøet. Me har det kjempegøy, og det er mange positive sider ved å vere med i 4H. Me er på leirar og anna, 4H gjev oss mykje, me får nye venner, lærer mykje og utviklar ein personlegdom, seier dei unge nissedølane nøgde.

Må slutte etter 20 år

Regjeringa har bestemt at 4H ikkje lenger får ha kontor hos fylkesmennene. Vidare blir det gjeve færre sentrale kroner til organisasjonen når medlemstalet går ned. Det gjer at Telemark, Buskerud og Vestfold blir slått saman til éin 4H-region. Dermed blei dagleg leiar Gry Hovland i 4H Telemark sagt opp, etter 20 år i jobben.

– I 20 år har eg fått lov til å jobbe med på noko som er gøy. Det blir vemodig å slutte. Eg må ut og finne annan jobb innan utgangen av juni, elles blir det Nav. Men ein må vere optimist, seier Hovland.

Dagleg leiar i regionen skal ha rein kontorjobb i Stokke i Vestfold, så den personen vil ein nok sjå lite til i Telemark, der det skal vere ei 40 prosent stilling som organisasjonsrådgjevar.

– Om organisasjonsrådgjevaren skal overta oppgåvene mine, blir det ikkje mykje tid att til å rundt til klubbane i fylket. Og framover blir det mykje meir å gjere for dei friviljuge som sit i fylkesstyret 4H Telemark, seier Hovland.

Ho ser mange fordelar med 4H.

– 4H er ein opplæringsorganisasjon, og ein rett alle barn bør ha er å vere med der. Det er veldig bra at styret i Trenissen kjem med uttale no, og at dei har trua på 4H, seier Hovland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho synest det er leit med nedskjeringane 4H no opplever.

– Regjeringa er ikkje vår hjartevenn. Forståinga for eit levande bygde-Noreg er litt låg, avsluttar ein dagleg leiar på veg ut, mot sin vilje.