– Me føler oss som ein kasteball
Det seier Harald Hansen og Sveinung Haugen i Seljordsvatnets grunneigarlag. Dei siktar til det dei opplever som ignorering frå både Fylkesmannen og Skagerak Energi når det kjem til å betre forholda for storauren i Seljordsvatnet.
– Me bed rett og slett om eit konstruktivt samarbeid med Skagerak Energi, Sundsbarm kraftverk og Fylkesmannen for å bevare restane av storaurestamma i Seljordsvatnet. Me opplever derimot å ikkje bli tekne på alvor i kampen vår, seier dei frustrerte representantane for grunneigarane.
Konsesjonsvilkår
Det heile handlar om at utbyggaren, ifylgje grunneigarlaget, ikkje har fylgd opp pålegg som dei i si tid fekk i konsesjonen. Det handlar om viktige tiltak for å gjere levevilkåra best mogleg for storauren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter rettshandsaminga av overskjønnet i 1979 er det spesielt to punkt i konsesjonen som grunneigarlaget meiner ikkje er gjennomført. Punkt 15 om å setje ut yngel eller settefisk årleg er eitt av dei.
– I dette overskjønnet blei det oppnemnd ein sakkyndig for fisk, og det var fylkeslandsbrukssjefen. Då han gjorde greie for fisk i Seljordsvatnet bad han om at den stadeigne storaurestamma blei ivareteken framover i samsvar med punkt 15 i konsesjonen. Dommaren i overskjønnet uttala at han ikkje hadde mandat til å gje eit slikt pålegg, men at det var departementet som var ansvarleg. Og punkt 15 i konsesjonen lyder slik: «Konsesjonæren pliktar årleg å setje ut yngel og/eller settefisk.» Dette har ikkje blitt fylgd, seier Harald Hansen.
– Me meiner heilt klart at utbyggjar har rettsplikt til å fylgje konsesjonsvilkåra, så når dei kjem seg unna er det noko som gjer det heile uforståeleg og uakseptabelt for oss, legg han til.
Truleg få storaurar att
Dei spør seg også om effektkøyringa i Vallaråi er søkt om i konsesjonen.
– Ei slik effektkøyring er særs skadeleg for storauren. Det er sagt at det truleg er mellom 50 og 100 eksemplar att av den opphavlege storaurestamma. Det er kritisk, seier Haugen.
Føler seg motarbeidde
Grunneigarlaget blei ekstra merksame på problemet i 2004. I åra etter har dei jamt og trutt arbeidd med saka.
– Me har hatt fleire møte med Skagerak og Fylkesmannen om saka, men me føler at me heile tida blir motarbeidd. Det speglar seg mellom anna i manglande svar på spørsmål som me har hatt anten i brevs form eller munnleg. Dei vil helst tie oss ihel, kan det virke som. Å møte det me opplever som gigantar er tøft, og pengane rår meir enn noko anna i denne saka, kan det sjå ut til, seier Haugen.
I 2005 hadde grunneigarlaget det fyrste bekymringsmøtet med Fylkesmannen og Seljord kommune. Partane vart samde om at noko måtte gjerast. Etter møtet med Fylkesmannen i 2005 skjedde det svært lite.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fyrst i 2008 blei det gjeve pålegg til utbyggjar om fem år med opptak og utsetjing av stamfisk. I dette tidsrommet hadde det også blitt utført fleire fiskeundersøkingar mellom anna av Faun naturforvaltning. I 2008 blei det på same tid som pålegget kom, sett i gang ei fiskebiologisk undersøking som skulle vare i tre år. Fylgjande stod å lese i rapporten: «Det fins berre 50–100 eksemplar att i Seljordsvatnet. Vallaråi er prega av kraftutbygging», refererer Hansen.
Tilbake til det opphavlege
Både Haugen og Hansen fortel at det i seinare tid har kome tydelege opplysingar frå fleire faglege hald som fortel at opptak og utsetting av stamfisk ikkje lenger er optimalt for storaurestamma i Seljordsvatnet.
– Derimot er naturleg overleving det aller viktigaste. Det krev optimale gyteforhold og dermed må også vandringsvegen for fisken bli slik han var, seier dei.
Dei fortel også at Høgskulen i Bø ved Jan Heggenes undersøker forholda i Vallaråi. I 2016 fekk grunneigarane ein rapport frå NINA, Norsk institutt for naturforsking. Rapporten var ført i pennen av forskar Morten Kraabøl på bordet.
– Rapporten er heilt klar på at Vallaråi må gjerast slik ho var før utbygginga. Det må bli laga ei trapp slik at fisken kjem forbi Lakshøl og effektkøyringa må reduserast. Minstevasstanden blir også peika på som særs viktig for at fisken kan kome seg dit han må og skal, forklarer Haugen.
– Øydelagt som gyteelv
Dei meiner at det einaste som er gjort er omfattande kanalisering, elveombyggingar og omlegging av elveløp som i stor grad har øydelagt Vallaråi som gyteelev for storauren.
– Kva må til for at de og storauren blir fornøgde?
– Kravet om minstevassføring må kome på plass. Det må byggast fisketrapp ved Lakshøl, det må ryddast i heile Vallaråi, og ein må byggje ein eigen kanal der vatnet frå effektkøyringa går, svarar Sveinung Haugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I alle fall må pålegga bli fylgd. Så langt har Skagerak gjort akkurat som dei har villa. Me føler oss aleine i kampen, sjølv om me har svært god dialog med Seljord kommune, legg Hansen til.
– Vanskeleg å nå fram
Båe er samde om at det er vanskeleg å nå fram mot kraftgiganten og Fylkesmannen. Men dei har ikkje tenkt å gje opp.
– Me slåss mot store gigantar der pengane rår. Me kan likevel ikkje gje oss, og me får sjå kva neste steg blir. Elles skulle me nok ynskje at lokalsamfunnet hadde reagert i større grad også. Det handlar trass alt om ein viktig ressurs for alle. Aller mest ynskjer me oss eit samarbeid med alle partar i saka. Det ville etter så mange år vere ein god og ny start, avsluttar Haugen og Hansen.
– Vil ikkje snakke direkte med oss
– Seljordsvatnet grunneigarlag snakkar ikkje direkte med oss, seier Magne Wraa, vassdragsteknisk ansvarleg i Skagerak Kraft AS.
Han seier elles at Nores vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at Skagerak har fylgd alle pålagte krav i konsesjonen.
– Det har NVE ved Kjell Carm tydeleg stadfesta i media tidlegare, seier han.
– Me har lojalt oppfylt alle konsesjonsvilkår me har blitt pålagt gjennom alle år, og det er NVE som er forvaltningsmyndigheit me alle må forhalde oss til, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunikasjonssjef i Skagerak Energi, Thor Bjørn Omnes, fortel til VTB at dei i november 2016 og i mai 2017 sendte brev til Seljordsvatnet grunneigarlag, men at dei ikkje har høyrt noko som helst.
– Me har ikkje noko imot å samarbeide, men då må me kunne kommunisere til dømes med å svare på brev me sender. Me har eit tett samarbeid med fiskefaglege instansar, og så langt har me fylgd opp alle tiltak som er bestemt. Dette er tiltak som er godkjent av NVE basert på best mogleg tilgjengeleg kunnskap. Høgskulen i Bø ved Jan Heggenes er i gang med eit prosjekt som skal gje oss eit bilete av korleis dei utførte tiltaka har verka på storauren, og kva som eventuelt må bli gjort framover. Dette vil kome fram i høyringsrapporten, og me skal sjølvsagt utføre tiltak som ut ifrå eit fagleg synspunkt er viktig for storauren, fortel Omnes.
I ein kommentar til at grunneigarlaget ikkje har svara på breva seier leiar Harald Hansen:
– Eg kan ikkje sjå at me har motteke noko brev frå Skagerak i 2016 som har med saka å gjere. I 2017 derimot har me motteke brev me ikkje har svara på. Det er fordi brevet var underteikna av ein person som slett ikkje har vore sakshandsamar i saka, og som grunneigarlaget ikkje kan forhalde seg til.
Omnes peikar elles på at både Seljord kommune og andre aktørar har mange kablar og røyr som kryssar Vallaråi, noko som ifylgje Omnes avgrensar kva tiltak som kan gjerast.
– Men det kan ikkje me gjere noko med, seier han.
Ventar på høyringsrapporten
Torunn Raftevold Rue, natur- og miljørådgjevar i Seljord kommune, fortel at dei fylgjer godt med i saka. Ho peikar på at utfallet av revisjonshøyringane blir interessante.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Slike revisjonar tek lang tid, for lang tid vil enkelte påpeike. Me er spente på kva som kjem i høyringsrapporten. Seljord kommune kosta rapporten frå Kraabøl, og det er på mange måtar vårt bidrag den siste tida. Me ser også fram til ei synfaring i området, og håpar det vil skje om ikkje så lenge. Me har også jamleg kontakt med grunneigarlaget, seier Rue til VTB.
– Har ikkje hatt kapasitet
Hans Bakke, miljøverndirektør hjå Fylkesmannen i Telemark, seier dei ikkje har hatt kapasitet til å prioritere Seljordsvatnet.
– Me hadde møte med grunneigarlaget i sommar, og me er kjent med utfordringane. Det er mange saker i forskjellige vassdrag som omfattar fisk og kraftutbygging i desse dagar, og me har diverre ikkje klart å prioritere Seljordsvatnet og problematikken der. Fiskeforvaltaren vår har hatt omsorgspermisjon, og me har derfor ikkje hatt kapasitet, seier Bakke.
– Så oppfatninga grunneigarlaget har om at de ignorerer dei stemmer ikkje?
– Nei, det er ikkje bevisst frå vår side, men som sagt vedgår eg at me har hatt for lite ressursar i 2017 og at me derfor ikkje har fått brukt tida me burde i denne saka, svarar han.
Han seier vidare at dei er i ferd med å lage ein plan over viktige saker som skal prioriterast i 2018, og der er saka om storauren i Seljord med. Men han påpeikar at det er krevjande saker.
– Me kan ikkje der og då svare på alle spørsmåla grunneigarlaga har i slike saker. Det krev meir enn som så. Men samstundes veit me at me har noko å ta fatt i. Me tek sikte på å bruke meir ressursar på saka inneverande år, avsluttar Bakke.
Artikkelen held fram under annonsen.