– Me kjem til å hamne utanfor

Marianne Bakkan (20) og Marte Tveiten Øya (20) vil aller helst at Seljord kommune held fram med å vera åleine. Og dei vil i alle fall ikkje bli ein del av Hjartdal, Sauherad og Notodden.

– Eg ser for meg at mykje av det særeigne med dei ulike kommunane ikkje kjem til å bli teke omsyn til ved større avgjerder etter ei eventuell samanslåing, seier Marianne Bakkan. Ho har budd i Seljord heile livet, og sjølv om ho no studerer i Oslo, vil ho framleis kome heim til same gamle kommune.

– Seljord er ein slags utkant, og viss me slår oss saman enten aust- eller vestover hamnar garantert Seljord utanfor, held ho fram. Ho står i ein butikk i Seljord sentrum saman med ei god venninne. Dei er heilt einige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg òg vil helst ha det slik det er i dag. Og å slå saman austover er heilt på trynet. Då høyrer me jo plutseleg ikkje til Vest-Telemark meir, seier Marte Tveiten Øya. Ho er i likskap med Bakkan det ein trygt kan kalle ein heilhuga seljording.

Starten på Vest-Telemark

Trass i sterke motsetnadar er ikkje jentene så bekymra enno.

– Lite peikar austover, slik eg har forstått det. Og det er bra. Viss me absolutt skal slå oss saman med nokon får det bli med Kviteseid. Seljord er jo starten på Vest-Telemark, og det burde me halde fram med å vera, seier Bakkan.

Dei er litt i stuss når dei blir spurde om kvifor dei trur det er dei yngste i Seljord som er mest konservative.

– Eg trur me unge er mest skeptiske fordi me ikkje kjenner noko anna. Dei som er eldre har kanskje reflektert litt meir over korleis det ville vera å slå seg saman med nabokommunane, og sett på fordelar og ulemper på ein annan måte. Me er vel litt redde for forandring, seier Bakkan. Tveiten Øya nikkar.

– Me er nok òg veldig stolte av Seljord. Av at det er her me kjem frå. Det hadde vore rart å seie at eg kjem frå kva-enn-den-nye-kommunen-skal-heite, legg ho til.

Sentralisering og arbeidsløyse

Korleis går det med småbygdene i kommunen dersom Seljord slår seg saman med Kviteseid? Det meiner jentene dei kan spå allereie.

– Viss me slår oss saman med Kviteseid kjem Åmotsdal og Flatdal til å bli gløymd bort, trur eg, på same måte som at heile Seljord vil bli nedprioritert og sentralisert mot Notodden viss det går den vegen. Det ville resultert i færre arbeidsplassar her i Seljord. Og ein kan jo ikkje bu ein stad det ikkje er arbeid å få, seier Tveiten Øya. Ho fryktar med andre ord for framtida til kommunen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aller helst vil eg ha det som i dag, men Kviteseid er det einaste andre alternativet slik eg ser det, seier ho.