– Me må vel fylgje Lagabøtes landslov
Det seier dei tre karane som dei siste par vekene har byrje å tjærebre Eidsborg stavkyrkje.
– Det står vel noko i lova frå den tida om at stavkyrkjene skal tjærebreiast før haustens fyrste snøfall, men etter lauvfallet, seier Stein Olav Heimdal, som er utleigd frå Tokke kommune til Fellesrådet som utfører arbeidet i tråd med føringar og vedlikehaldsmidlar dei har fått frå Riksantikvaren.
Kvart tredje år?
I lova står det også at bøndene som soknar til kyrkja skal tjærebre kyrkja kvart tredje år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No er det nok atskillige år sidan kyrkja her blei sett inn med tjære, men det er vel planen framover å prøva å gjere det kvart tredje eller femte år. Og det med bøndene er vel avlegs, smiler Heimdal.
Saman med kyrkjetenar Nils Tarjei Dalen og Einar Heggtveit, sjølvstendig næringsdrivande som er leigd inn til jobben, har han sidan slutten av oktober smurt den gamle ærverdige stavkyrkja inn med tjære frå mellom anna Skjåk.
– Me brukar tjære frå tre forskjellige produsentar, og me har vore godt førebudde til denne jobben. Å ta vare på gamle bygningar som denne stavkyrkja er krevjande og viktig. Me ynskjer å gjere alt rett, og arbeidet me gjer her blir på mange måtar malen for tilsvarande arbeid som skal gjerast på andre stavkyrkjer i landet, fortel Heggtveit.
Helst tørr luft
Hausten har vore regnfull, og det har skapt nokre problem for arbeidarane. Helst hadde dei sett at det var tørr luft.
– Me skulle gjerne hatt fint vêr med høgare temperaturar på dagtid. Men når det er sagt så har me likevel fått gjort meir enn me trudde. No avsluttar me truleg arbeidet snart. Me er ikkje ferdige, men reknar med å ta til att i februar dersom forholda blir bra, forklarer Heimdal.
Lukta sit i
Dei tre arbeidarane fortel at lukta av tjære blir med dei heim om ettermiddagane.
– Lukta set seg godt i kleda og håret, så ho er ikkje så lett å bli kvitt, seier dei.
– Korleis er det å bruke tjære, er det tungt å påføre?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viss det er kjøleg i lufta blir tjæra fort stiv, men då varmar me ho opp. Då blir ho heilt grei å jobbe med. Men det er eit tidkrevjande arbeid å skulle tjære alle flisene og krinkelkrokane på bygget, svarar Heimdal.
Tre strok
Planen er å tjærebre stavkyrkja tre gonger. I tillegg til det som alt er gjort og planlagt gjort i februar, har dei planar om å bruke våren og hausten neste år til dei to neste stroka.
– Det er planen. Me har om lag 1 500 liter tjære, og me merkar at veggane og flisene syg godt til det seige materialet, fortel Heggtveit.
– Skulle det bli varmare i vêret og tørrare luft utover hausten, kan det nok hende me held på litt lenger. Men sidan me er godt gang med november kan me vel ikkje satse på at det blir slik, avsluttar Stein Olav Heimdal.