Forteljinga om Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen står øvst på leselista hjå både Ida Lio (t.v.) og Daniella Irarrazabali sommar.
Forteljinga om Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen står øvst på leselista hjå både Ida Lio (t.v.) og Daniella Irarrazabali sommar.

– Me skal prøve å slå rekorden vår

Elevane på Tokke skule gler seg til Sommarles 2017. I fjor var dei best i Telemark. I år ser dei fram til ein skikkeleg intern-konkurranse med nabokommunane.

Alle 1.–7.-klassingar i Vest-Telemark deltek i år som i fjor i lesekampanjen Sommarles, i regi av bibliotek rundt om i landet.

Frå starten av juni til slutten av august skal elevane låne og lese så mange bøkar dei klarar, og registrere dei på nettsida sommarles.no. Der får dei poeng og går etter kvart opp i nivå. I tillegg er det premiering. Viss det er nokon som ikkje har nett-tilgang, kan dei fint delta med eit lesepass ein får på biblioteket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker og høgtlesing tel.

Tokke-elevane gjekk til topps i Telemark i fjor sommar, ved at nesten seksti prosent av dei potensielle deltakarane var med og lånte bøker på biblioteket.

Gler seg til å lese Hakkebakkeskogen

Tysdag var to tredjeklassingar frå Tokke skule på biblioteket på Dalen for å peike seg ut bøkene dei vil starte med.

– Eg har ei slik pinnsvinbok, seier Daniella Irarrazabal (8).

– Eg likar dei med leseland-merke på. Denne heiter Supersmart og superrask. Og så likar eg Hakkebakkeskogen, seier Ida Lio (8).  

– I fjor var me på fyrsteplass i konkurransen i Telemark, og på niande plass i heile landet, fortel bibliotekar Elin Normann til jentene.

– Oi! I år må me vera heilt på fyrsteplass, seier Lio.

– Eller på andreplass, seier Irarrazabal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal i alle fall prøve å slå rekorden min, seier Lio.

– Eg òg, skyt Irarrazabal inn.

Normann er ansvarleg for prosjektet i Tokke kommune, og meiner det er ein strålande måte å oppretthalde leseferdigheitene til barna gjennom ein lang sommarferie. På nettsida kan dei anbefale gode bøker for kvarandre, og såleis halde kvarandre motiverte heile sommaren.

– Lærarar merkar at elevane fort mistar leseferdigheitene om sommaren. Difor er dette så viktig og bra, seier ho.

Den siste tida har Normann vore rundt til dei andre skulane i Tokke for å informere om prosjektet. Det har gått veldig bra.

– Det er så artig, for alle er så gira. Me håpar det blir ein skikkeleg god konkurranse mellom kommunane i Vest-Telemark i år, seier ho.

 Omsett til arabisk

Farida Hajji (25) frå Syria har språkpraksis på biblioteket i Tokke éin dag i veka, og eit av oppdraga ho har hatt har vore å omsetje informasjonsarket om Sommarles 2017 til arabisk. På den måten har foreldre som ikkje er heilt stø i norsk fått all informasjonen dei treng. Det omsette informasjonsarket har blitt sendt ut til alle kommunar i Telemark, slik at dei som treng det har fått bruke det.

– Det er fint at alle foreldre kan bli oppdaterte om det spennande prosjektet me held på med, seier Normann fornøgd.