Lege Audun Myskja snakka om og viste ulike øvingar på korleis ein best kan ivareta eiga helse.
Lege Audun Myskja snakka om og viste ulike øvingar på korleis ein best kan ivareta eiga helse.

Med folkehelsa i førarsetet

Det var godt oppmøte til historias fyrste folkehelsefestival i Fyresdal denne helga. Gjestene har lært, smaka og testa ulike tilbod innan folkehelse.

Fire dagar til ende har folkehelse stått som tema då den fyrste folkehelsefestivalen blei arrangert i Fyresdal.

– Eg er godt fornøgd med oppmøtet og me har stort sett fått gode tilbakemeldingar. Det har vore mykje nyttig og bra lærdom, seier folkehelsekoordinator i Fyresdal, Evy Katrin Aamlid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel det vil vere opp til kommuneadministrasjonen og politikarane å bestemme om dei skal arrangere ein liknande festival neste år.

– Det står i folkehelseprogrammet at me skal ha dette, men me må sjå på eventuelle endringar og diskutere det i arbeidsgruppa. Tilbakemeldingar frå skule og barnehage er også viktig. Nå har me fått testa ein måte å halde festivalen på, fortel Aamlid.

Handtere stress

Folkehelsefestivalen starta torsdag med matkurs saman med skuleelevar, barnehagen og kommunens tilsette.

Thuy Dalen hadde foredrag om sunn, næringsrik kost og serverte gjestene friske smakar.
Thuy Dalen hadde foredrag om sunn, næringsrik kost og serverte gjestene friske smakar.
Festivalens yngste deltakar var truleg sju veker gamle Karoline Hauge Bergland, her på armen til Aud Lukassen.
Festivalens yngste deltakar var truleg sju veker gamle Karoline Hauge Bergland, her på armen til Aud Lukassen.

Fredag ettermiddag var mellom 70 og 80 menneske samla i kantina på Gimle skule for å høyre ulike foredrag om helse og mat.

Fyrst ut var innspel til kva ein kan gjere sjølv for å ivareta eiga helse, presentert av lege Audun Myskja.

Han snakka mykje om ro til å byggje opp gode dagar og gode helseverkty i kroppen, og viste gjestene fleire måtar ein til dømes kan handtere stress.

Den store helsetrusselen

Myskja hadde gjennom dagen vore innom skulen, mellom anna 1. til 4. klasse der han sang og viste ulike øvingar for å aktivere kroppen og for avspenning.

– Det var overraskande mykje skulderspenning i denne elevgruppa, og det har eg tatt opp med leiinga. Det er mange måtar å gjere noko med dette på. Elevane kan til dømes massere kvarandre, bruke stemma for å bli kvitt stress om morgon og gjere enkle koordinasjonsøvingar, fortel Myskja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under skulebesøket blei han også merksam på at fleire av elevane hadde koordinasjonsproblem.

– Poenget mitt er at det er viktig å ta tak i slikt tidleg, sidan problema startar tidleg og ein kan endre det ved hjelp av enkle grep. Min generasjon klatra i tre, leika med konglar og var ute for å leike, men i dag veks Noregs fyrste generasjon opp der inaktivitet er eit val.

Myskja meiner det er store klasseskilje i Noreg, ikkje eit skilje mellom borgarskap og arbeidarklasse, men eit skilje mellom aktive og inaktive menneske. Han meiner den store helsetrusselen nå ikkje er infeksjonssjukdomar, men inaktivitet, meiner Myskja.

Ein må også sjå på mediebruk og til «på-samfunnet», der ein ut frå stimuli og utstrakt bruk av mobiltelefon og nettbrett endrar seg. Ein ser det overalt. Folk sit samankrølla med skuldrane, og med mobilen i hendene.

Eit godt senter

Myskja besøkte også pleie- og omsorgssenteret.

– Det var eit artig besøk, og eg fekk inntrykk av at dei får til mykje i eldreomsorga i Fyresdal. Eg merka meg at ro og trivsel var betre ivareteke her enn på andre sjukeheimar eg har vore innom, seier han.

Han har også vore innom barnehagen på besøk, og det var mange flotte trygge barn som han lærte enkle balanseteknikkar.

– Det har vore ein spennande dag, og eg set pris på at ordføraren tok seg tid til å vere med under besøket, seier Myskja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitetsdag

Gjennom helga har gjestene blitt meir kjent med tankefeltterapi, lært korleis ein skal ete meir «smart» og korleis ein kan lage denne maten.

Laurdag var det folksamt på samfunnshuset då bygdas ulike lag og organisasjonar kom saman for å vise kva dei driv med.

Sundag var det høve til å teste ulike aktivitetar i sentrum, og folkehelsekoordinatoren fortel om godt oppmøte til dei ulike aktivitetane.

– Det var mellom anna høve til å teste spinning, yoga, riding, ein kunne skyte med laservåpen, sykle seg ein smootie eller teste treningsparken ute, fortel Aamlid.

I ei seinare utgåve av VTB kan du lese meir frå folkehelsefestivalen i Fyresdal og det spennande matkurset Thuy Dalen hadde saman med elevane frå småsteget på festivalens fyrste dag.