Med glade strofer gjennom fredagskvelden
I ei årrekkje har «Songtreff i Flatdal» blitt annonsert i VTB, ja faktisk heilt sidan 2004. Men kva skjer eigentleg på desse treffa som så mange har lang tradisjon i å møte på.
– Ta ein tur til samfunnshuset i Flatdal fyrste fredag i februar, var oppmodinga. Så då gjorde me det då. Førre veke.
I 2004 blei songtreffet halde for fyrste gong. Einar Gotehus frå Manndal ynskte velkomen, den gong då som nå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har blitt tradisjon. Me held fire treff om hausten og fire om våren, fyrste fredag i februar til mai og etter sommarferien startar me att med fyrste fredag i september til desember, seier Gotehus og smiler.
Han fortel at arrangementa samlar mellom 60 og 80 menneske. Lokale, vesttelar og nokre har også lengre køyreveg. Mange kjem att gong etter gong. Og nokre nye andlet stikk innom.
– Songtreffa er eit samarbeid mellom soknerådet, misjonslaget og Sion her i Flatdal, fortel Gotehus.
Kort andakt
Gotehus er oppteken av at songtreffet skal vere ein møtestad for alle. To musikkgrupper eller songarar plar underhalde på kvart treff. Det er ein god pause med kaffi, kake og loddsal – og så held Gotehus ei kort andakt.
– Det er høve til å ta lodd på bok, så trekkjer me til jol og påske. Me har mellom anna hatt måleri av både Kolbrek og Grøstad som gevinst, seier Gotehus.
Førre fredag handla andakten om at me menneske har høve til å seie unnskyld utan å unnskylde oss. Gotehus takka Gud for at ein alltid kan kome til han og seie unnskyld og bli tilgjeve.
– Eg ynskjer at me skal ha ei laus tone, og vil ikkje ha lange preiker på desse kveldane. Folk som kanskje ikkje går i kyrkja kjem hit. Her skal ein høyre fin musikk og kjenne eit varmt fellesskap, her skal det vere plass til alle, smiler han.
– Eg føler at me blir som ei stor familie på songtreffa, uttala Gotehus.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Godt nytt»
Fyrste musikalske innslag på scenen var sekstetten frå Øyfjell og Rauland som kallar seg «Godt nytt».
– Me har gleda oss til å kome tilbake til dykk. Det er jamnt triveleg å vere her i Flatdal, sa Asborg Kroken som er solist i gruppa.
Ho fortel at «Godt nytt» har ein tur til songtreffet kvart år. Gruppa blei starta i 1982, og Kroken har vore med sidan oppstarten.
– Eg har allstøtt vore glad i å synge, og trivst godt saman med dei andre medlemmene i «Godt nytt». Me reiser litt rundt for å synge og spele, både i Vest-Telemark, til Stathelle, Skien eller Setesdalen. Gruppa er knytt til Betania i Øyfjell og me øvar kvar måndag, fortel Kroken.
Rikard Seltveit, busett på Notodden, men oppvaksen i Arabygdi, var neste musikalske innslag frå scenen fredag. Seltveit har også gjesta songtreffa tidlegare, og framførte mange kjente songar medan han spela både gitar og keyboard.