Med hjarte for garden
Kjetil Nessæther på Jamsgard i Bøgrend har alltid ynskt å bli bonde. Onsdag fekk han og kona Solvår utmerkinga årets unge Telemarks-bønder.
I 1999 gav gamle Asbjørn Jamsgard ei heilt spesiell gåve til ungguten Kjetil Nessæther, då 19 år gamal. Jamsgard hadde ingen arvingar, men blei kjent med Kjetil gjennom besteforeldra hans, som leigde hus av Asbjørn. Han visste godt at Kjetil var glad i dyr og gardsdrift, og difor valde han å overlate Jamsgard til Kjetil.
No, 13 år etter, framstår Jamsgard som eit praktbruk. Det nye fjøset er fylt med 170 geiter, og mjølkekvoten er på 150 tonn. Huset er totalrenovert, «for det var ikkje ein einaste vegg som var rett» då Kjetil overtok, seier han sjølv. Så det ligg mykje arbeid og stå-på-vilje i veggane på Jamsgard.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets unge bønder
Tysdag kom det storfint besøk til Jamsgard, då landbruksdirektør Helge Nymoen kom med ein heil delegasjon og gledelege nyhende. I fjor delte landbruksdirektøren i Telemark for fyrste gong ut heidersutmerkinga årets unge Telemarks-bonde, til storfebonde Karoline Skarprud i Kviteseid. Heidersprisen går til positive og aktive bønder, som tek i bruk garden sin som arbeidsplass.
Også i år fall valet enkelt på ein annan ung Vest-Telemark-bonde, etter nominasjonar frå landbruksrådgjevarane i Telemark-kommunane, som jamvel måtte stille på speeddating i Skien og tale sine kandidatars sak. Ein av kandidatane i Vinje utmerkte seg spesielt, og det var altså bøndene på Jamsgard.
Det går rykte heilt ned til Skien om at det finst ein bonde i Vinje som seier han tener pengar på geitedrift, sa landbruksdirektør Helge Nymoen då han overrekte heider og ære, blomar og bilete til familien Nessæther.
Klokt val av arving
I tillegg til landbruksdirektøren og to andre representantar frå Fylkesmannen, var også Vinje kommune representert. Ordføraren, næringssjefen og landbruksrådgjevaren var alle tydeleg imponerte og stolte over kva familien Nessæther har fått til.
Det er ei stor glede å få vera med på dette, men det er ikkje spesielt overraskande. For me som har fylgt med dykk, veit om den innsatsen de har lagt ned i løpet av desse åra. Ein kan seie mykje om Asbjørn Jamsgard, men han gjorde eit klokt val då han valde etterkomarane på garden, sa ordførar Arne Vinje.
Også Kjetil og Solvår sine etterkomarar viser talent og omsut for dyr og gardsdrift. Borna Nora, Saamund og Sigve er alt habile små gardbrukarar, som meir enn gjerne fylgjer far og mor i fjøset og hamlar opp med både fôring og mjølking av geitene. Så eigentleg er det vel fem unge bønder på Jamsgard i Bøgrend.