Med plass i herberget
Ved den norske sjømannskyrkja i London møter ein ikkje stengde dører. Hallvard Olavson Mosdøl (31) frå Kviteseid er sjømannsprest i kyrkja, som alltid har rom i herberget.
Det var ikkje sjømannsprest unge Hallvard såg for seg at han skulle bli då han trakka barneskoa sine i Kviteseid. Visst har kviteseidingar sjøkjenning gjennom kanalen, men meir maritimt alibi enn det kan ikkje sunbygdingane skryte på seg.
Kapellan ved sjømannskyrkja
I dag er Hallvard kapellan ved sjømannskyrkja i London. Saman med kona Annhild (33) og borna Lavrans (5) og Tarald (3) trivst han med livet i verdsmetropolen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg byrjar kvar dag med ein 20 minuttars sykkeltur langs Themsen for å frakte eldstemann til skulen, fortel Hallvard.
Den norske sjømannskyrkja i London ligg i den søraustlege delen av byen. Den staslege kyrkja har ynskt nordmenn i England velkomen sidan 1927 og er eit omgrep for mange. Staben på sju har lunsj då bladfyken kjem på besøk. Hallvard serverer smørbrød med egg og bacon på klassisk engelsk vis.
Nedgang i skipstrafikken har gjort sitt til at det ikkje lenger hovudsakleg er sjømenn som vitjar kyrkja. I dag er det eit breitt spekter av folk som brukar sjømannskyrkja; studentar, au pairar, nordmenn som arbeider i byen, og ikkje minst turistar. Ein reknar med at om lag 6.000-8.000 nordmenn bur i London, og i gjennomsnitt møter det om lag 100 menneske til gudsteneste kvar sundag.
Innvigd av kronprins Olav
Kyrkja vart høgtidleg innvigd av kronprins Olav for 75 år sidan. Ho inneheld eit
tradisjonelt kyrkjerom, fleire arbeidsrom, kjøkken og kontor for personalet. Også fleire leilegheiter høyrer til komplekset. På kontoret til kapellanen ligg setesdalsbunaden på ein stol. Bunaden brukar han ved spesielle høve, og den påkallar ikkje lite merksemd.
Når eg har bunaden på kan eg føle meg som ein indianar på utstilling. Stadig vil nokon fotografere meg. Eg skulle teke betaling, humrar Mosdøl.
Arbeidsoppgåvene til den unge presten varierer. Mellom anna er han redaktør for «Månedsbladet», eit magasin med siste nytt frå aktiviteten i kyrkja. Han er trenar for kyrkjas fotballag, arbeider mykje med norske studentar, og han har ansvar for språkundervisning for barn i førskulealder. Mange barn har norskspråkleg far eller mor, men er i eit engelskspråkleg miljø til dagleg. Målet er at desse ungane også skal bli fortrulege med norsk språk og kultur.
Sjømannskyrkja i London er meir enn ei vanleg kyrkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Aksen me jobbar langs går frå kaffebordet til altarbordet. Kyrkja har også funksjon som ein sosial og kulturell møtestad, fortel Mosdøl.
Det er nemleg ikkje bare nattverdbrød ein får i sjømannskyrkja. Salet av brunost, kaviar, VG og fiskebollar gjev mange eit påskot til å ta seg ein tur til kyrkja på St. Olavs Square. Kyrkja har som mål å vera ein heim for folk som er langt heimafrå.
Også i overført betydning ynskjer me å vera ein heim, understrekar sjømannspresten. Dersom ein skulle koma i ein vanskeleg situasjon og treng husrom for natta, har kyrkja også eit «kriserom» til disposisjon.
Synet på Vest-Telemark
Når det er tale om tru er kanskje ikkje folk i Vest-Telemark dei mest frimodige?
Mange vesttelar er smålåtne når dei snakkar om Gud, medan dei blir overvelda i møte med naturen. I møte med Roholdts- og Brokefjell blir me alle små. Denne «fjellkjensla» kan gje oss ei aning om ein skapar, som har sett desse spora i fjell og stein, seier Hallvard.
Sjølv om kviteseidingen har gjort brite av seg, er han oppteken av kva som rører seg i heimtraktene og er ivrig lesar av Vest-Telemark Blad.
Eg trur det er viktig at folk på bygdene gjenoppdagar alt dei kan vere stolte over! Nå vil sjølvsagt ein og annan dustemikkel hevde at det ikkje er noko å vere stolt av i Kviteseid, men det er riv ruskande galt. Eg er stolt av Kviteseid-byen, av at me har ein bakar som lagar fylkets beste Napoleonskaker, og at bokhandelen i bygda er strålande på lokalitteratur. Eg er stolt av Kvitsund, som er ein av dei beste skulane i landet - det var der Torbjørn Aamaas hamra inn i oss at me skulle bli sjølvstendig tenkande menneske. Eg er stolt av gamlekyrkja, av bygdetunet, av fotballgruppa, av alt dugnadarbeidet som godtfolk stiller opp om. Ja, eg synest jamvel det ser ut som at politikarane navigerar klokt i ein vanskeleg situasjon. Skulle eg likevel ønske noko annleis, måtte det vere at ein makta å snu det negative bilete som ein kan få av Kviteseid når ein les avisene, seier Mosdøl. Han saknar ei meir bevisst profilering av kommunen, som på mange måtar er så rik på historie og kultur.
Kviteseid må finne sin eigen identitet, og eg synes det hadde vore spennande om ein lansera seg som kunstnarbygd. Tenk på alle målarane og bilethoggarane som har hatt tilknytning til bygda. Tenk på Werenskiold, Dyre Vaa, Gunnar Utsond og ikkje minst Jon Bakken i dag, seier Mosdøl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har også gjort seg refleksjonar om kristenlivet i bygda.
Det er rart med alle desse gudshusa i Kviteseid. Ingen av dei er smekkfulle, og det verkar som bygdefolket held seg visse stader, mens innflyttarane er andre plassar. Sjølv har eg aldri vore innom Fredheim og Betel, og eg er slett ikkje stolt av det. Men eg trur det er viktigare å leite etter det ein har felles framfor det som skil, sier Mosdøl. Han meiner det var synd at prestegarden i Kviteseid vart selt.
Det har noko med tradisjon og kulturhistorie å gjere, meiner han.
Vegen fram
For Hallvard var ikkje teologien eit opplagt val. Han snusa på fleire yrkesvegar, mellom anna vurderte han å bli veterinær. Han var også innom journalistyrket, både i VTB og i Vårt Land, i løpet av studietida. Det kanskje færre veit, er at han også sysla med tanken om å bli reklamemann. Kanskje kunne unge Mosdøl blitt Kviteseids svar på Ingebrigt Steen Jensen, fotballentusiast som han også er. Kvifor fall han då ned på den trauste teologien?
Det korte svaret er at det er den kristne trua som gjer meg varm og glad, som får hjarta mitt til å slå fortare, forklarar Mosdøl.
Det er viktig å jobbe med noko som berører ein. Den kristne trua rører ved meg på brådjupet, utdjupar han.
Hallvard studerte ved Menighetsfakultetet, som er kjent for å vera ein konservativ lærestad for komande prestar. Tyder det at han er ein konservativ prest? Spørsmålet kjem ikkje uventa, kapellanen har svaret parat. Han er kontant.
Eg er ikkje særskilt begeistra for båssetjing. Båsar er for kyr. Eg er kristen og oppteken av å stå i kyrkjas klassiske tradisjon, svarar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av teologistudiet rakk han også å ta grunnfag i historie og litteraturvitskap, forutan mellomfag i sosialantropologi. Det er med andre ord ingen halvstudert røvar me har med å gjere. Eit semester ved prestisjeuniversitetet Oxford i England fekk han også med seg før han etter endt studietid arbeidde eitt år i forsvaret som prest ved Gardermoen flystasjon.
Under studieopphaldet i Oxford var eg innom sjømannskyrkja her i London. Tanken om at dette måtte vera ein fin arbeidsplass slo meg, minnest han.
Hallvard Mosdøl er ein av dei yngste prestane som har vore tilsett ved kyrkja. Det er ingen løyndom at det er rift om prestejobbane utaskjers.
Det er klart eg føler meg heldig, smiler han.
Skulesystemet
Ein klar skilnad frå Noreg er skulesystemet. Lavrans på fem stiller kvar dag i skuleuniform på sin Church of England-skule. Frå svært tidleg alder må foreldra ta det viktige skulevalet for borna sine. Valet vert ofte styrt av lommeboka i eit land der klassesamfunnet lever i beste velgåande.
Rektoren på skulen til Lavrans er ambisiøs og vil at skulen skal stige på rankinglistene, fortel Hallvard.
Medan norske femåringar enno har eit fritt barnehageliv, hadde Lavrans den fyrste «spellingtest» etter to veker som skulegut. Og det var ikkje enkle ord som «cat» og «dog» som sto på agendaen. Femåringane skulle stave ord som «thirteen» og «fourteen».
Det er eit veldig fokus på læring i den engelske skulen. Konkurransen er hard og dei beste blir påskjønna. Heime set ein ressursane inn på dei svake. Her er det dei sterkaste elevane som får merksemda, fortel Hallvard.
Det har gått opp for Hallvard kor sosialdemokratisk han er av legning og kor prega han er av den norske modellen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei flinke skal sjølvsagt få vera flinke, men alle, også dei svakaste elevane, må få utvikle sitt eige potensial, meiner Mosdøl.
Framtida
Familien trivst i London, men ser ikkje for seg eit permanent tilvære i metropolen.
London er svært pulserande. Ein kan vera turist i eigen by kvar dag om ein vil. Å bu her som singel, eller i eit parforhold, i tillegg til å vera rik, er nok den ideelle situasjonen, smiler kapellanen.
Med prestelønn og seksdagars veke er det ikkje kvar dag Hallvard prøvar ut Londons fasjonable restaurantar, eit utal shoppingmoglegheiter eller West Ends uendelege scenetilbod.
Det hender eg saknar plass og natur. Draumen er stor hage med frukttre og høns, avslører Hallvard, som blir trebarnsfar til våren.
I mangel av romsleg hage, brukar Hallvard mange timar i parken med Lavrans og Tarald. Han minnest barndommen på Kvitsund der han sprang ut og inn hjå naboane. Han trur det er noko i uttrykkjet «it takes a village to rise a child». Eit tilsvarande nabomiljø finn ein ikkje så lett i storbyen London.
Trass i at det er masse folk her, kan ein risikere å bli desto meir åleine, reflekterer Hallvard.
Familien kjem truleg til å vera i London to til tri år til før dei set kursen heimover. Men noko prestekall i Kviteseid ser han ikkje for seg. Fyrst og fremst fordi kona Annhild jobbar ved universitetet i Oslo. Ho arbeider i desse dagar med ein doktorgrad i samfunnsernæring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidene er altså ikkje som dei eingong var i prestestanden, med prestekona på slep til kvar ein liten avkrok. Likestillinga har nådd den Møsdølske heim. Men sjølv om Hallvard ikkje ser for seg å flytte heim att til Kviteseid, ser han likevel mange fordelar med å bu på bygda.
Når ein flyttar til bygda betyr den enkelte person meir og kan lettare utrette noko for lokalsamfunnet. I storbyen har ein lett for å drukne i alle menneska. Men det er mykje flott med det urbane livet også. Og det kan av og til vere provoserande å møte menneske som snakkar om byen som noko som definitivt inntraff etter syndefallet. Alle ting har sitt, på godt og vondt. Kunsten er å fokusere på det som er bra på den staden ein til ei kvar tid er, seier Hallvard.
Døra høg og porten vid
Å besøkje ei sjømannskyrkje er unekteleg noko anna enn å ta steget inn i ei av kyrkjene heime. Terskelen er lågare når ein etter messa kan kjøpe brunost eller lese lokalavisa heimanfrå. Hallvard trur mange av dei som kjem innom har ei barnetru. Likevel er det langt frå alle som føler det naturleg å kalle seg kristen.
Målet vårt er at stadig fleire skal få frimot til å definere seg innafor det kristne fellesskapet. Det er nok mange som har sagt nei til den kristne trua fordi dei møtte noko dei i rettferdas namn måtte seie nei til, og det er mange flotte menneske som ikkje ynskjer å ha direkte tilknyting til kyrkja, konstaterer Mosdøl.
Han presiserer at terskelen er låg og himmelen er høg.
Me prøvar å vera rause og og tydelege. Trua må vera relevant i kvardagen, og målet vårt er å fylle gamle ord som nåde, sanning, oppgjer og kjærleik med eit innhald som treff folk.
Mange opplever skiljelinene som skarpe. Anten er du innanfor eller utanfor. Frelst eller ufrelst. Er det så enkelt?
Det er heldigvis ingen av oss som skal dømme, så dette med frelse og fortaping legg eg trygt i Vår Herres hender. Eg meiner ein har tenkt altfor fattigslig om frelsa. Frelse handlar ikkje bare om himmelen, men også om livet her og nå. Eg ser på den kristne trua som ei kjærleiksfortelling, og eg ønsker å snakke til døypte folk som det dei er; kristne brødre og systrer, seier Hallvard, som kjem han med ei jolehelsing til alle pinsevener.
I Den norske kyrkja er det altfor lite snakk om Den Heilage Ande. Me treng å gjenoppdage både Skaparen og Anden som gjev liv. Me treng å oppdage at Gud er mykje nærare enn me trur. Alt godt er Guds finger i våre liv, seier han.
Signe strevet!
Joli nærmar seg også i London, sjølv om grøne plenar ikkje gjev jolestemning av vestfylke-karakter. Dette året blir det London-jol på familien. Hallvard er oppteken av å skape nye tradisjonar.
Eg må ikkje sjå Walt Disney-filmane for å koma i den rette stemninga. Jol kan feirast på så mange måtar, meiner han.
Sjømannskyrkja opnar dørene joleftan. Vanlegvis kjem det rundt 60 menneske til jolemiddag. Husmor Tone Engedal avslører at det står både ribbe, pinnekjøtt og kalkun på menyen.
Kva med menneske som kun går i kyrkja joleftan?
Det er flott at folk går i kyrkja denne dagen. Dei går sjølvsagt glipp av mykje gjennom resten av året, men det er deira sak. Elles er eg opptatt av at folk skal kjenne at kyrkja vil dei vel. Jolebodskapen handler om Gud som gjorde seg heilt liten for å koma oss nær. Jesus blei ikkje fødd inn i ein prestefamilie eller noko tilsvarande «fromt». Han blei fødd inn i ein heilt vanleg famile. Eg trur Jesus har sans for vanlege menneske, seier Hallvard.
Og at joli er eit einaste kav, vil Kviteseids geistlege representant i England ikkje vere med på.
Dei fleste førebuingane gjer me for å glede kvarandre. Folk bør ikkje få dårleg samvit for manglande tid til ettertanke og ro. Eg seier heller; signe strevet, avsluttar Hallvard Mosdøl, før han legg på sprang til sonens joleavslutting.