Med rosa sko og rjomegraut
Tommy Felle fekk seg eit par rosa sko til ti kroner på grautfesten på Felle. Men det var rjomegrauten som var mest populær.
Eg har vel ikkje tenkt å bruke dei til vanleg akkurat, smiler Tommy Felle. Med dei nye skoa sit han og slappar av midt på plassen. Det er fleire som har hive seg på den nye moten for dagen; rosa dame-sko. Signe Moi Felle har kjøpt same slaget i tillegg til ein grøn kjole og Lisbeth Felle ein rosa kjole.
Dette skal eg gå med i bursdagar, spøkjer Signe Moi Felle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tradisjon
Det er grautfest på Felle med risgraut og rjomegraut, kakelotteri og utlodding og ikkje minst underhaldning. Festen byrjar å bli ein tradisjon i den vesle bygda i Nissedal. Fyrste grautfesten blei arrangert i 1992, og i år er det sjette året bygdefolk og nabobygdene samlar seg på skuleplassen på Felle.
Det har blitt godt motteke. Eg har ikkje høyrt eit negativt ord, seier Ole Petter Løite, formann i Felle IL som arrangerar festen.
Festen er godt besøkt. Tidlegare år har det vore i underkant av 300 menneske innanfor gjerda. På laurdag var det mellom 4 og 500.
Det stod kø utanfor då me opna klokka 12. Dei beste loppene blei rivne bort med ein gong, seier ein nøgd Løite som er takksam for all dugnadshjelp i samband med arrangementet.
Etterspurnad etter rjomegraut
Dei siste åra har det vore stor etterspurnad etter rjomegraut. Det er det gjort noko med i år. Ved grautkjelen står Anne Moi Felle og Lillian Hellamyr. Dei har 40 liter graut å bli kvitt og då VTB vitjar dei ein time etter opning nærmar kjelen seg halvtom.
Eg fryktar det ikkje er nok, seier Anne Moi Felle.
Ho fekk rett. Ein time seinare er skiltet med "ekte rømmegraut" borte, og skuffa grautelskarar må ta til takke med risgraut.
Tengel Hellermyr har gjort det som han vil kalla eit scoop. Han har betalt 25 kroner for eit fargefjernsyn. Ole Petter Løite har selt TVen og gjev Hellermyr nokre triks for å få han til å virke. Han forsikrar at fjernsynet er farge og kan ta inn alle kanalar. 12 åringen har også kjøpt seg to datamaskiner for femtilappen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg skal byggje dei ut. Bruke dei til speling og Mp3, seier Hellermyr.
Solfrid Løite og Lisbeth Felle sel lodd. Det er tredje året dei er med på dugnad på festen. 40 kaker skal loddast ut, og kransekaka var den mest attraktive.
Ein mann kjøpte lodd for 2-300 kroner bare for å vinne kransekaka. Han blei litt sur då han ikkje vann, smiler Solfrid Løite.
Ved eit bord fullt av lopper står Oddbjørg Grashei frå Froland og handlar med Svein Onstad. Grashei har funne seg bukse, vest og genser og storkosar seg på festen.
Det er mykje billig her. Eg kjem til å handle meir, seier ho.
Fellsingen spiker
Harald Valle har spele den karakteristiske fellsingen på Treungen-revyen dei siste åra. Der har han bruka poeng som er typisk for ein frå Felle.
Lastebilkøyring, klesmoten og mobilen i beltet, smiler Valle.
Han har fått i oppdrag å vere spiker på festen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Moro å bli spurt, seier han.
Som ei avslutning på den fine dagen spela gruppa Drangedal Bortforklaring med Tom Jackie Haugen og Steen-Vidar Larsen.
«Me kosar oss med det. Tørre kakur og klumpete mjølk», syng dei i det VTB tuslar ut porten.