Med tørre klede som innsats
Vrådalsdagen blei arrangert for sjette året på rad laurdag. Midt på dagen var folk samla nede på brygga for å sjå på det årlege båtløpet.
I strålande sol frå skyfri himmel yrte det av liv i Vrådal sentrum laurdag. Vrådalsdagen har blitt eit kjært arrangement for folk i alle aldrar, og når sommaren verkeleg gjorde sitt inntog var alt akkurat som det skulle vera.
Den offisielle opninga var klokka tolv, og tre kvarter seinare var det klart for den årlege padlekonkurransen. Der er deltakarane delte inn i lag på to og to, og må kjempe seg gjennom heat etter heat med padling i kano på Nisser. Det er ikkje lange runden dei skal ta, men med alt adrenalinet og alle som står og heiar blir det fort komplisert. Fleire gonger enda deltakarar i vatnet i staden for i kanoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den kjente og kjære kommentatorstemma til Toralf Grave runga utover brygga, som var heilt full av publikum.
Til slutt så var det Moa Lintho Skofterud og Tormod Skofterud som vann konkurransen, noko dei har gjort tidlegare òg.
– Dei har øvd seg til dette borte på hytta i heile år, sa Grave i megafonen.
Tryllekunst og smørbukkpris
Elles bestod dagen av handling og kikking i dei mange telta i gata, gateløp, ponniriding, køyring med hest og kjerre, mjølkespannhalding og golf, før klovnen Cathrine, tryllekunstnar Hans Henrik Verpe og kulturskulen underheldt dei frammøtte i amfiet.
Årets smørbukkpris gjekk til ein av Vrådalsdagens store pådrivarar, Jon Ingebretsen. Det er Solveig Muren Sandens stifting som står bak prisen.
– Eg er overraska, stolt og takksam for å ha fått prisen. Dette stimulerer til å halde fram med å stå på for Vrådalssamfunnet og den friviljuge dugnadsåndas gode sak, seier Ingebretsen.
11 på Vrådalsdagen
Nils Moen frå Gøteborg og Oddvar Moen frå Skien
– Me har slekt i Vrådal, så me er her ein del. Me har vore med på Vrådalsdagen eit par-tre år no. Det beste i år er vel vêret. Me går rundt og kikkar litt, seier Oddvar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg og ho som skulle bli kona mi var mykje på ferie her på slutten av førtitalet, så eg går her og mimrar litt no som eg har blitt åleine, seier Nils.
Marius (8) og Eirik (4) Berget frå Skien
– Me er på hytta. Det er moro med sparkesykkel og å sjå på dei som padlar.
Hanne Jørgensen (12) frå Ulefoss og Nathalie Kvamme Karlsen (13) frå Arendal
– Det er fyrste gongen me er på Vrådalsdagen. Me er på ei hytte her. Det er veldig fint, og så godt med så fint vêr! Me skal bade seinare.
Unni og Arnvid Borgersen frå Krokstadelva
– Me leiger ei hytte på Straand, men har òg veldig lyst på vår eiga hytte her. Faktisk så har eg vore her kvar sommar sidan eg var 19 år. No er eg 66, seier Unni med eit smil.
– Dette er fyrste gongen me er med på Vrådalsdagen. No skal me snart bort til amfiet og sjå på trylling, og så skal me vinne kake fordi me har kjøpt lodd.
Gudrun Kristine Semons frå Edland, Berit Ekkje frå Røldal og Unni Bendiksen frå Åmdals Verk
Me er her for fyrste gong, og har store planer om å eta thai-mat. Sjølv om det går an her heile året, ler Gudrun.
– Me gler oss til å gå rundt og sjå litt, legg Berit til.