Meir enn 30 kan miste jobben
Avgift på vatn med smak gjer at Telemark kildevann i Fyresdal mistar den nest største kunden sin og må seie opp 21 tilsette. Også Telemark Lys med 12 tilsette kjem i ein alvorleg situasjon når hovudinntektskjelda frå integreringsarbeidet forsvinn.
Telemark kildevann i Fyresdal kjem til å miste den nest største kunden, Ica i Sverige, frå 1. oktober.
– Det er på grunn av sukkeravgifta og at regjeringa har lagt avgift på vatn med smak. Det vil ta knekken på ein del arbeidsplassar i Fyresdal – det blir masseoppseiingar, seier ordførar Erik Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagens 36 arbeidsplassar skal bli redusert til 15. Framover blir det bare éi produksjonslinje og eitt skift. Årsomsetninga vil gå ned frå 97 til 50 millionar kroner, og talet på flasker frå produksjonen blir redusert frå 43 millionar til 23 millionar.
– Verksemda i Fyresdal vil gå frå overskot til underskot, men det går jo bra i Aurskog …, seier ordføraren om brusfabrikken selskapet har der.
– Superdramatisk, konkluderer Skjervagen om situasjonen for hjørnesteinsbedrifta i kommunen.
Bjørn Bunæs, eigar av Telemark kildevann, vil ikkje kommentere saka før han har gjennomført eit møte i Fyresdal denne veka.
Mistar det meste av inntektsgrunnlaget
Regjeringa meiner at kommunar under 5000 flyktningar ikkje lenger skal ta imot flyktningar. Dette stør fleirtalet på Stortinget, mot røystene til mellom anna Ap og SV.
– Sjølvsagt er dette vedtaket kjempefarleg for Telemark Lys med 12 arbeidsplassar. Og verksemda er ein stor leigetakar i næringshagen, seier ordførar Erik Skjervagen.
80–90 prosent av inntektene til Telemark Lys kjem frå arbeidet med å integrere flyktningane som kjem til Fyresdal.
– Når Telemark Lys mistar desse inntektene må dei finne på noko veldig nytt, seier ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når 21 arbeidsplassar forsvinn ved Telemark kildevann, og om 12 arbeidsplassar ved Telemark Lys står i fare, skulle ein tru dette er langt meir enn nok for den vesle kommunen. Men i bakhovudet ligg signal om at fangeleiren i Kleivgrend kan bli lagt ned, og der er det 18 arbeidsplassar. Vidare er det ikkje lenge sidan det blei stopp ved IKM maskinering i Fyresdal, og 17 tilsette blei sagt opp.
– Totalt er dette over ti prosent av arbeidsplassane i Fyresdal som då blir fasa ut i løpet av eit par år. Mykje er på grunn av distriktspolitikken til regjeringa. Då ser ein kva krefter me jobbar imot, seier ordføraren i Fyresdal.
Meiner situasjonen er alvorleg
Lars Torstein Momrak er styreleiar i Telemark Lys, attføringsverksemda som er heileigd av Fyresdal kommune. Telemark Lys har avtaler om integreringsarbeid godt ut i 2020, men så kan det bli slutt på inntektene fordi kommunar under 5000 innbyggjarar ikkje skal ta imot flyktningar.
– Dette er ein alvorleg situasjon, også for alle småkommunane i heile landet som jobbar med flyktningar. Gørrkjedeleg, men dette får me ikkje gjort noko med. Nå blir det verkeleg utfordringar framover, seier Momrak.
Han kan ikkje seie kva konsekvensen blir for Telemark Lys når inntektene frå flyktningarbeidet forsvinn.
– Me får høyre kva eigarane vil me skal drive med, det er dei som bestemmer, seier styreleiaren.
Saka skal opp på styremøte måndag.