Meir enn halvparten vil slå seg saman

Eit fleirtal av seljordingane ynskjer kommunesamanslåing. Dei fleste av desse ser Kviteseid som den naturlege partnaren.

– 54 prosent av dei spurde meiner Seljord bør slå seg saman med andre kommunar.

– 40 prosent føretrekkjer å halde fast ved dagens kommunegrenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viser resultata frå spørjeundersøkinga Norfakta har gjort på oppdrag frå Vest-Telemark blad. Marknadsanalysefirmaet har ringt rundt til 290 personar i heile kommunen. Dei spurde har fått skissert fire alternativ og svara på kva dei føretrekkjer:

– Åleine, som i dag

– Saman med Kviteseid

– Saman med Kviteseid og Nissedal

– Saman med Notodden, Hjartdal og Sauherad

Det har også vore mogleg å svare «veit ikkje» eller «bryr meg ikkje».

2 av 3 vil med Kviteseid

Seljord og Kviteseid er den naturlege konstellasjonen om ein skal tru undersøkinga. Av dei som meiner samanslåing er framtida, ynskjer om lag to av tre at dei to naboane blir ein kommune. Ein av fire av dei som vil slå seg saman, har valt storalternativet i aust med Notodden, Sauherad og Hjartdal. 1 av 10 meiner ein kommune med Kviteseid og Nissedal er mest framtidsretta for Seljord.

Elles er det verdt å merke seg at seljordingane bryr seg om framtida. Det er berre to prosent som svarar «bryr meg ikkje» når dei skal ta stilling til kommunesamanslåing. 4 prosent har svara «veit ikkje».

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei spurde har berre tatt stilling til kva alternativ dei føretrekkjer, utan å måtte ta omsyn til innhaldet i intensjonsavtalene. Kommunestyret skal torsdag 17. mars ta stilling til vegen vidare – då ligg truleg alle dei tre utkasta til intensjonsavtale på bordet.

Etter dette skal kommunen gjennomføre innbyggjarundersøking.

Korleis resultata fordeler seg på kjønn og alder kan du lese meir om i VTB seinare denne veka.

Kva føretrekkjer du?

Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?

                                                                        Spurde                 Prosent

Åleine som i dag                                                   116                         40

Seljord og Kviteseid                                               99                          34

Seljord, Kviteseid og Nissedal                               18                           6

Artikkelen held fram under annonsen.

Seljord, Notodden, Hjartdal og Sauherad              40                         14

Bryr meg ikkje                                                          5                           2

Veit ikkje                                                                 12                           4

Kjelde: Norfakta Markedsanalyse AS

290 personar har svara på undersøkinga. Feilmargin: +/– 5 prosent