– Frustrerande når nettet er så ustabilt, seier Øyvind Rinden.
– Frustrerande når nettet er så ustabilt, seier Øyvind Rinden.

Mektig irritert over manglande service

Øyvind Rinden på Åmdals Verk har vore tilknytt Telefiber si dataline i to år. – Nettet fell ut i hytt og pine og Telefiber er slett ikkje interessert i å rette problemet, seier Rinden. – Dette stemmer ikkje, hevdar Telefiber.

– Eg er rett og slett oppgjeven over det ustabile nettet. Sit eg og betaler rekningar via internett, kan du vere heilt sikker på at nettet fell ut ein eller fleire gonger i løpet av den tida eg brukar, sukkar Rinden.

Han har fleire gonger vore i kontakt med supporttelefonen til Telefiber, men så langt har det vore nyttelaust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når du blir beden om å legge att beskjed på svararen eller om å sende e-post, då blir eg oppgjeven. Ikkje så lett så sende e-post, når nettet ikkje fungerar som det skal. Dei gongene eg har fått tak i folk, har eg blitt sett over frå den eine til den andre, og det er ingen som kan hjelpe meg. Kva er poenget med supporttelefon då, undrar Rinden.

– Får ikkje det eg betaler for

Han betaler rundt 1.200 kroner i kvartalet og det er prisen for ei line som skal klare 5.000/500 kilobytes per sekund.

– Eg får ikkje den farten eg betaler for. Eg fekk nemleg greie på at linene ikkje er så bra at dei kan sende i den farten. Men å betale for det er visst greitt. Var det ikkje betre dei informerte meg om at eg eigentleg betaler for noko dei ikkje kan levere, tenkjer Rinden.

Han er også oppgjeven over at Telefiber har monopol på levering av slike tenester i området han er i. Og han er heller ikkje særleg imponert over servicen han har fått så langt.

– Har visst monopol

– Eg har prøvd via andre leverandørar, men det ser ut til at det berre er Telefiber som kan skaffe signal der eg bur. Elles er det slik at ingen tek ansvar for å rette opp i problema. Skulen som er næraste nabo har fiberkabel inn i bygget, og eg har sagt eg kan grave grøft til skulen og kople meg til same kabelen, men det fekk eg ikkje lov til. Eg har også sagt at eg godt kunne tenkje meg å kjøpe trådlaust utstyr, men at eg då ynskte avslag i prisen sidan eg i lengre tid har betalt for noko eg ikkje har fått. Men det var dei heller ikkje viljuge til å sjå på, seier ein frustrert Rinden.

Han er oppgjeven over at Telefiber berre let heile problematikken skure og gå utan å ta ansvar.

– Eg har snakka med dei fleste hjå Telefiber, men det er ingen som tek tak i problemet. Router har eg bytt fleire gonger så det er nøydt til å vere linene som er problemet, avsluttar Øyvind Rinden irritert.

– Skal ta tak i problemet

VTB kontakta dagleg leiar hjå Telefiber, Agnar Nilsen, og han var ukjent med denne saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje kjennskap til denne konkrete saka, men eg skal umiddelbart sjå på problemet. Slik eg høyrer dette framstilt, er eg undrande til at det ikkje er teke tak i tidlegare. Eg skal i alle fall sette meg i sving her og no, kommenterer Nilsen.

Like før VTB går i trykken, kan Nilsen fortelje at Rinden har ei line som toler 3.000/300 kilobytes.

– Det er også det han betaler rundt 900 kroner for, så her kan det moglegvis vere misforståingar. I fylgje loggføringa hjå supportavdelinga, kan eg heller ikkje finne problematikk som stemmer med det Rinden hevdar. Men er det slik at han ynskjer endringar er det berre for han å ta kontakt så skal me hjelpe han, og han må gjerne kontakte meg direkte, avsluttar Nilsen.